Nord i Lund (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord i Lund
Skjaak Nord 2012 e.jpg
Nord. Biletet er teke med utsikt frå aust mot vest. Frå venstre: Nåverande våningshus (bygt 1937), gammalt våningshus, stabbur, fjøs, moderne driftsbygning. Foto: Hans P. Hosar 2012.
Alt. navn: Nord. Nordi Lund. Lund Nørdre Øvre.
Sokn: Skjåk
Fylke: Oppland
Kommune: Skjåk
Gnr.: 27/2 og 28/1.
Areal: 1080 dekar, derav 136 dekar fulldyrka, 794 dekar skog fordelt nokså jamt på låg, middels og høg bonitet.
Type: Familiebruk. Mjølk, kjøt, høy og korn.

Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to nabobruk (Nord og Øvre), som vart samanslegne i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard, høvesvis gnr. 27 «Tøfte nordre» og gnr. 28 «Lund nordre». Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer i dag.

Fyrste gongen vi har registrert «Nord» som bruksnamn, er i 1838 (matrikkelen). Men kjeldematerialet gjev grunnlag for å fastslå at sjølve bruket har eksistert som eiga eining iallfall attende til 1660-åra, kanskje enda tidlegare. Vi omtalar denne brukseininga som «Nord» i det følgjande, utan at vi altså veit kva namn som faktisk vart brukt før det tidlege 1800-talet.

Frå ca. 1740 fram til dags dato kan vi sjå at garden har gått i arv i slektsledd etter slektsledd fram til i dag, frå far til son, med unntak av to brukarskifte der garden har gått over til høvesvise eit syskenbarn (1888) og ein grandnevø (2001) av førre brukar.

Opphavet

I 1660-åra er det i matriklar og skattelister opplista fire gardar med namnet Lund, som litt seinare blir nummererte frå 93-96. Matrikkelnummer 95 kan vi sjå er delt i to bruk alt frå 1660-åra eller før, og vi kan rekne med at Nord er det eine av desse (det andre må vere nåverande Tøfte). I kjelder frå 1661, 1668 og 1713 heiter dei to brukarane Eilev og Gullik, utan at vi kan avgjere kven av dei som driv Nord.

Fyrste gardsbeskrivinga 1723

Frå og med den såkalla prøvematrikkelen 1723 kan vi med stor visse følgje historia til bruket Nord med matrikkelskyld 9 skinn. På det tidspunktet blir garden skildra som «letvunden, Jordarten noget frostlendt og uvis til Korn». Utsånaden er sett til to tønner bygg, og høyavlinga til 11 lass. Garden har seter, god hamning og skog til brensel og gjerdefang. Husdyrbesetninga blir sett ein hest, sju storfe, 20 sauer og seks geiter.

Oppsitjaren på garden i 1723 heiter Pål Olsen, men han er leiglending under ein annan mann i bygda, nemleg Jakob Pedersen Forberg som eig heile gardsbruket.