Nordheim (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordheim i mai 2007.
Foto: Olve Utne

Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] (Mal:NA) / ["nʌ:tɔ.] (Mal:D)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommuneNordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 18791880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet[1]) i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der.

Namnet «Nautan»

Her låg det opprinnelege tunet. Vi ser bl.a. Trollskaret og Trollskarhaugen i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne

Det har vore gjort ymse forsøk på å forklara namnet Nautan. Ei heller vidløftig historie hevdar at namnet opprinneleg var Noatun fordi Noahs ark skal ha stranda der. Noko meir jordnært er det vel å tenkje seg ein samanheng med ordet naut. I eldre tider skal garden ha lege der Nordheimssetra ligg i dag — ved vestbredda av Sagvikvatnet, rett ved Seterholmen og ved foten av lia. Det blir sagt at garden skal ha vorte kalla Lystad på den tida, og at namnet nautan kjem av at dei «nauta» feet lengre unna, der Nordheimsgrenda ligg i dag. Olav Rygh har lite tru på ei forklaring med usamansett naut som stadnamn:[2]

Gaardens virkelige Navn, Nautan, findes ikke andensteds. Jeg kjender ikke noget andet Ord, hvormed det kunde sættes i Forbindelse, end naut n., Hornkvæg, som findes brugt i mange sms. Navne. Men usms. synes det lidet skikket til Navn.

Eldre skrivemåtar namnt av Rygh er: Nøuthe (1559, 1590), Nøutte (1643), Nøte (1667) og Nouten (1723).

Det er vel rimeleg å tru at namnet var karakteristisk for garden der han faktisk låg i eldre tid — i austhellinga av den karakteristisk lange, smale og bratte åsryggen som ligg som eit skaft frå rett nordom Bergskallen i sørkant av garden og heilt til Nauthatten vestom nordenden av vatnet. Og der ligg det ei fonetisk sett svært nærliggjande forklaring i ordet navte eller nåvte. Dette sørsamiske ordet tyder ‘langt skaft (på øks, slegge, grev, hakke; lengre enn nïrre)’.[3] Semantisk føyer det seg fint inn blant andre topografiske namn i området, inkludert Imarn (‘ima, grovnåla”) og Stabben (‘hoggstabben’). I dag er namnet først og fremst bevart i det samansette namnet Nauthatten heilt i nordenden av åsryggen. Nauthatten kan logisk settast i samanheng med hovudplagget hatt, og dette passar rimeleg godt med forma. Samtidig gjer det dén tolkinga litt mindre sikker når vi veit Nauthatten er karakteristisk ved “den botnlause slukta”,[4] jf. sørsamisk haevtie, som tyder ‘stort hull i berg eller sandjord’.[5]

Fotnotar

  1. «Nout-Sund» (Bull, Hans Grøn: «Et og Andet om Edøe-Præstegjeld paa Nordmøer», 1817)
  2. Norske Gaardnavne b. 13, s. 457.
  3. Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson: Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja = Sydsamisk–norsk ordbok. [Indre Billefjord] : Idut, 1993. ISBN 82-7601-010-5.
  4. Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986
  5. Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson: Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja = Sydsamisk–norsk ordbok. [Indre Billefjord] : Idut, 1993. ISBN 82-7601-010-5.