Olav Andreassen Møbelverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. mai 2023 kl. 10:30 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Næringsliv» til «»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Andreassen Møbelverksted var ei møbelbedrift i Sykkylven. Verksemda vart starta av Olav Andreassen i 1941 og heldt til i eit uthus ved bustadhuset til Andreassen på Grebstad. I 1942 gav han arbeid til tre personar, i 1943 til fire.

1946 var siste året han dreiv sjølvstendig verksemd i møbelbransjen. Då byrja han ved Lenestolfabrikken Solid AS og kjøpte nokre aksjar der. Seinare var Andreassen med å starte opp emballasjebedrifta Emballasje AS.

Kjelde