Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

Språkvask
(Satt inn illustrasjon)
(Språkvask)
Linje 2: Linje 2:
'''[[Olav Aukrust]]''' (fødd i [[Lom]] 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernentusiast, men framfor alt diktar. Han blir rekna blant dei fremste lyrikarane i norsk litteratur, og er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også påverka av Austens religionar, og han vart sterkt oppteken av [[teosofien]] og [[antroposofien]].  

Olav Aukrusts dikting innbyr både til begeistring og til sterke motforestillingar, både kva gjeld innhald og form. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit tredje berande element, som også er tett innvove både i nasjonalismen og i religiøsiteten. Likeins er kjærleiksmotivet, både erotisk elskhug og den altomfattande Guds kjærleik, framherskande i mykje av diktinga hans. Han dyrka det «rotekte bondenorske» med utgangspunkt i ein tradisjonsbunden gardbrukarstand i ei fjellbygd som han sjølv kom frå. Den nasjonalistiske tankeverda og retorikken vekte begeistring ikkje minst i [[Nasjonalsosialistisk venstreopposisjon|dei norrøndyrkande krinsane]] som slutta opp om [[Nasjonal samling]], noko som har gjort sitt til at Aukrusts dikting i periodar har vore ideologisk sterkt omdiskutert.</onlyinclude> Aukrusts språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar. Og det er blitt framhalde at hans barokke rikdom av ord, rim, rytme og biletbruk stundom kan ta overhand på kostnad av den eigentlege litterære kvaliteten.  
Olav Aukrusts dikting innbyr både til begeistring og til sterke motforestillingar, både kva gjeld innhald og form. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit tredje berande element, som også er tett innvove både i nasjonalismen og i religiøsiteten. Likeins er kjærleiksmotivet, både erotisk elskhug og den altomfattande Guds kjærleik, framherskande i mykje av diktinga hans. Han dyrka det «rotekte bondenorske» med utgangspunkt i ein tradisjonsbunden gardbrukarstand i ei fjellbygd som han sjølv kom frå. Den nasjonalistiske tankeverda og retorikken vekte begeistring ikkje minst i [[Nasjonalsosialistisk venstreopposisjon|dei norrøndyrkande krinsane]] som slutta opp om [[Nasjonal Samling]], noko som har gjort sitt til at Aukrusts dikting i periodar har vore ideologisk sterkt omdiskutert.</onlyinclude> Aukrusts språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar. Og det er blitt framhalde at hans barokke rikdom av ord, rim, rytme og biletbruk stundom kan ta overhand på kostnad av den eigentlege litterære kvaliteten.  

Blant dei mest kjende og folkekjære dikta hans er «Fjell-Norig», «Ei naki grein» og ikkje minst ei rad burleske skildringar frå bygdelivet i «Aksion på Tande», «Tosten Raudskjegg», «Bilbeistet» med fleire.

== Sosial bakgrunn ==
== Bakgrunn ==

=== Slekt, familie og ekteskap ===
=== Slekt, familie og ekteskap ===
Linje 24: Linje 24:
Olav overlet odelsretten til garden til eldste broren Paal, som var fødd mindre enn eit år etter han sjølv.  
Olav overlet odelsretten til garden til eldste broren Paal, som var fødd mindre enn eit år etter han sjølv.  

Olav Aukrust gifta seg sommaren 1911 med [[Gudrun Blekastad]] (1887–1984) frå Gausdal, dotter av skulemann og forretningsdrivande [[Ivar Blekastad]] (1850–1936), opphavleg frå [[Sel]], og Torø fødd Ofigsbø (1858–1929) frå Lom. Olav og Gudrun hadde vore trulova frå 1907. Prest ved vigselen var [[Christopher Bruun]], som var nær ven av både av Blekastad og Aukrust-familien. Frå 1918 bygde ekteparet seg heimen Lyvjaberg på ein tidlegare husmannsplass under Aukrust, Aukrusttrædet. Gudrun budde der heilt til i åttiårsalderen, og sommarstid også lenger, til ho kom på aldersheimen i Lom i 1977.
Olav Aukrust gifta seg sommaren 1911 med [[Gudrun Blekastad]] (1887–1984) frå Gausdal, dotter av skulemann og forretningsdrivande [[Ivar Blekastad]] (1850–1936), opphavleg frå [[Sel]], og Torø fødd Ofigsbø (1858–1929) frå Lom. Olav og Gudrun hadde vore trulova frå 1907. Prest ved vigselen var [[Christopher Bruun]], som var nær ven både av Blekastad og Aukrust-familien. Frå 1918 bygde ekteparet seg heimen Lyvjaberg på ein tidlegare husmannsplass under Aukrust, Aukrusttrædet. Gudrun budde der heilt til i åttiårsalderen, og sommarstid også lenger, til ho kom på aldersheimen i Lom i 1977.

Olav og Gudrun Aukrust fekk to søner, Olav (1912-?), som var laborant, forfattar og religionshistorikar, og Ivar (1913-1994), som var arkitekt og budde i Trondheim.
Olav og Gudrun Aukrust fekk to søner, Olav (1912-1999), som var laborant, forfattar og religionshistorikar, og Ivar (1913-1994), som var arkitekt og budde i Trondheim.

Frå 1922 til hausten 1926 var Olav og Gudrun Aukrust separerte, og ho og borna budde hjå familien hennar i Gausdal. Det hadde samanheng med at Olav og systera til Gudrun, [[Margit Blekastad]], hadde eit kjærleiksforhold. Olav Aukrust og Margit Blekastad budde til dels i hop, mellom anna ein periode i eit eige hus på garden til [[Rikard Skjelkvåle]] i Skjåk.<ref>Det er gjort utførleg greie for dette forholdet i Jan Inge Sørbøs biografi over Olav Aukrust.</ref> Dei siste 3-4 åra av Olav Aukrusts liv budde igjen familien samla på Lyvjaberg.

Linje 64: Linje 64:

== Skulegang og sjukdom ==
== Skulegang og sjukdom ==
Olav gjekk berre fem år i folkeskulen, openbert av di han var uvanleg skuleflink. Som 12-åring byrja han på den toårige [[framhaldsskule]]n som ambulerte mellom Lom og Skjåk. Fyrste vinteren (1895-1896) var skulen på [[Geisar]] i Lom, så da kunne han nok bu heime. Da skulen året etter var i Skjåk, måtte 13-åringen bu borte i skuletida. Dei to neste åra hjelpte han til på heimegarden. Vinteren 1899-1900 gjekk han [[amtsskole|amtskulen]] på [[Vignes]] ved Lillehammer.  
Olav gjekk berre fem år i folkeskulen, openbert av di han var uvanleg skuleflink. Som 12-åring byrja han på den toårige [[framhaldsskule]]n som ambulerte mellom Lom og Skjåk. Fyrste vinteren (1895-1896) var skulen på [[Geisar]] i Lom, så da kunne han nok bu heime. Da skulen året etter var i Skjåk, måtte 13-åringen bu borte i skuletida. Dei to neste åra hjelpte han til på heimegarden. Vinteren 1899-1900 gjekk han [[amtsskole|amtsskulen]] på [[Vingnes]] ved Lillehammer.  

Han hadde planar om å bli forstmann, og søkte hausten 1900 på [[Statens skogskole i Kongsberg|skogskulen på Kongsberg]]. Han var da for ung til å kome inn, så han vart igjen verande heime eit år. I folketeljinga 1900 finn vi Olav Aukrust som gardsarbeidar på heimegarden.<ref>{{folketelling|pf01037080001906|Olav Aukrust|1900|Nordgard Aukrust i Lom|nn}}</ref> Han fekk ta til på Kongsberg i september 1901. Da hadde han allereie hatt ei ri med giktfeber. Eit nytt åtak av giktfeber og dertil leddtuberkulose, gjorde at han måtte avbryte skogskulen og leggjast inn på [[Dr. Jervells klinikk]] i Kristiania. Han måtte amputere ein finger på venstrehanda. Dette var særleg sårt for den unge Aukrust, da han også hyste visse draumar om ein musikalsk karriere. Sjølv med handikappet var han ein habil felespelar, og dyrka særleg den lokale folkemusikken. Igjen måtte Aukrust halde seg heime på garden i halvtanna år for å samle krefter att. Han bestemde seg nå for å gå inn i skulen.  

Linje 107: Linje 107:
Aukrust engasjerte seg også sterkt for bevaring av folkemusikktradisjonane. Han medverka til at musikkgranskaren [[Ole Mørk Sandvik|O.M.Sandvik]] byrja innsamlingsarbeidet sitt i Gudbrandsdalen, og særleg i [[Ottadalen|Ottadalsbygdene]], i 1916. Aukrust leverte sjølv mykje tradisjonsmateriale - slåttar og visestubbar - til dette samlingsarbeidet.  

Ved stemner og kappleikar deltok Aukrust jamt som fagkunnig dommar, mellom anna saman med Sandvik ved [[Fel-Jakup]]-stemna i Skjåk i 1921. Aukrust spela sjølv fele, enda han vart hemma av å måtte amputere ein finger. Han hadde lært det av lokale spelemenn, fyrst og fremst [[Per Spelmann]] (Per Olsen, 1830-1907, plassmann i Bakkestugu ved Tande i Bøverdalen). Gode songarar og tradisjonsberarar som Aukrust også lærde av, var [[Barbro Klepp]] og døtrene hennar, [[Eldri Aukrustbakken]] og [[Rønnaug Vangen]], som kom frå husmannsplassar rett i nærleiken av Nordgard Aukrust.<ref>Kjøk og Kjøk 1995:131.</ref>
Ved stemner og kappleikar deltok Aukrust jamt som fagkunnig dommar, mellom anna saman med Sandvik ved [[Fel-Jakup]]-stemna i Skjåk i 1922. Aukrust spela sjølv fele, enda han vart hemma av å måtte amputere ein finger. Han hadde lært det av lokale spelemenn, fyrst og fremst [[Per Spelmann]] (Per Olsen, 1830-1907, plassmann i Bakkestugu ved Tande i Bøverdalen). Gode songarar og tradisjonsberarar som Aukrust også lærde av, var [[Barbro Klepp]] og døtrene hennar, [[Eldri Aukrustbakken]] og [[Rønnaug Vangen]], som kom frå husmannsplassar rett i nærleiken av Nordgard Aukrust.<ref>Kjøk og Kjøk 1995:131.</ref>

Om Aukrust kunne spele på fele, vart han ikkje rekna som ordentleg spelemann av bygdefolket, men han hadde tillit som dommar på kappleikar. Han har elles betre renomme som munnharpespelar.<ref>Kjøk og Kjøk 1995:131-132.</ref>

Linje 141: Linje 141:
:det er det norske frå rot og til topp.
:det er det norske frå rot og til topp.

Året etter at han døydde, kom ''Solrenning'', den samlinga som han i brev fleire gonger omtalar som «storboki».  Her vender han attende til den religiøse tematikken frå Himmelvarden, det vil seie det som mest nærmar seg det universale og olsoknorske, og samlinga kan såleis oppfattast som den siste delen av den tenkte trilogien. Solrenning har i litteraturhistoria vore omtala som «et av de geniale diktverk i norsk litteratur».<ref>Houm, P. 1955:208.</ref>  
Året etter at han døydde kom ''Solrenning'', den samlinga som han i brev fleire gonger omtalar som «storboki».  Her vender han attende til den religiøse tematikken frå Himmelvarden, det vil seie det som mest nærmar seg det universale og olsoknorske, og samlinga kan såleis oppfattast som den siste delen av den tenkte trilogien. Solrenning har i litteraturhistoria vore omtala som «et av de geniale diktverk i norsk litteratur».<ref>Houm, P. 1955:208.</ref>  

Det er noko uvisst kor konkrete planane var for å lage ei eiga samling til mellomstadiet, det nasjonale nivået i kulturen.
Det er noko uvisst kor konkrete planane var for å lage ei eiga samling til mellomstadiet, det nasjonale nivået i kulturen.
Linje 202: Linje 202:
Det var truleg Ivar Mortensson-Egnund som i Aukrusts lærarår i Folldalen 1907-1908 introduserte han for teosofien, ei religiøst-filosofisk retning som [[Rudolf Steiner]] og hans antroposofi hadde utspring i. Det fanst eit teosofisk selskap i Noreg frå 1893, og Egnund hadde nær kontakt med dette.<ref>Sørbø, J.I 2009:79.</ref> Frå 1908 og åra fram til fyrste verdskrigen var Steiner mange gonger i Noreg, og det danna seg eit antroposofisk miljø i Noreg etter at det vart brot mellom teosofane og Steiner i 1912. Olav Aukrust var nær knytt til dette miljøet gjennom sentrale antroposofar som [[Ingeborg Møller]], [[Helga Geelmuyden]], diktaren [[Alf Larsen]] og forretningsmannen og kunstnarvennen [[Einar Lunde]]. Styrar Olaf Funderud på folkehøgskulen på Mysen vart overtydd antroposof, og alt tyder på at Aukrust var sterkt medverkande til dette.

Antroposofien let seg ikkje utan vidare sameine med folkehøgskuleideologien. Christopher Brunn såg på åndsretninga som tøv og svermeri.<ref>Sørbø, J.I 2009:78.</ref> Ikkje desto mindre kan Aukruts biograf Jon Inge Sørbø slå fast, etter å ha gjort greie for teosofien og antroposofien særleg frå og med Steiners første besøk i Kristiania 1908:  
Antroposofien let seg ikkje utan vidare sameine med folkehøgskuleideologien. Christopher Brunn såg på åndsretninga som tøv og svermeri.<ref>Sørbø, J.I 2009:78.</ref> Ikkje desto mindre kan Aukrusts biograf Jon Inge Sørbø slå fast, etter å ha gjort greie for teosofien og antroposofien særleg frå og med Steiners første besøk i Kristiania 1908:  
:«Og sanneleg - etter ei tid finst det eit stort miljø av antroposofar i folkehøgskulen, hos Funderud, i Blekastad-familien, på folkehøgskulane i Gausdal, Dovre og Eidsvoll. Det har Aukrust avgjort ein finger med i, for ikkje å seie ei heil hand. Kor lojal han sjølv var mot dette antroposofiske miljøet, er eit meir komplisert spørsmål.»<ref>Sørbø, J.I 2009:72.</ref>  

Linje 208: Linje 208:

== Fascistoid tendens? ==
== Fascistoid tendens? ==
På 1960- og 1970-talet kom Aukrusts dikting og ideologi under sterkt åtak frå fleire hald, ikkje minst frå den poltisk radikale og i utgangspunktet litterært modernistiske krinsen rundt tidsskriftet Profil. Forfattaren [[Tor Obrestad]] frå dette miljøet, og dessutan litteraturvitaren [[Eystein Eggen]] påpeikte det dei meinte er fascistoide trekk i Aukrusts lyrikk, og særleg sistnemnde påpeikar den nære ideologiske skyldskapen med den norske nasjonalsosialismen.
På 1960- og 1970-talet kom Aukrusts dikting og ideologi under sterkt åtak frå fleire hald, ikkje minst frå den politisk radikale og i utgangspunktet litterært modernistiske krinsen rundt tidsskriftet Profil. Forfattaren [[Tor Obrestad]] frå dette miljøet, og dessutan litteraturvitaren [[Eystein Eggen]] påpeikte det dei meinte er fascistoide trekk i Aukrusts lyrikk, og særleg sistnemnde påpeikar den nære ideologiske skyldskapen med den norske nasjonalsosialismen.

Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå [[Venstre]] frå 1880-åra av til [[Bondepartiet]] i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen var Paal NS-ordførar i Lom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933. To framståande kunstnarvener av Olav Aukrust, [[David Monrad Johansen]] og [[Wilhelm Rasmussen]] melde seg inn i NS. Bjørnar Vigerust, som i si tid fekk folkehøgskulen og Olav Aukrust til Dovre, var NS-mann før og under okkupasjonen. Under nazistyret, allereie i desember 1940, ville Vigerust gjere ein freistnad på å realisere den mytiske lærdomsstaden Dovre ved å byggje opp eit stordimensjonert germansk og nordisk kultursentrum på Hjerkinn. Han la fram planane for statsråd [[Aksel Stang]], men det kom ikkje noko vidare ut av det.<ref>Statsarkivet i Hamar: Gudbrandsdal politimeisterembete, landssvikavdelinga. Saksdokument, eske 5 1947, brev frå Vigerust til Stang 7.12.1940..</ref>
Partipolitiske haldningar kan vi av gjennomgådde kjelder ikkje sjå at Olav Aukrust har lagt for dagen. Han var oppvaksen i og inngifta i eit miljø som hadde gått frå [[Venstre]] frå 1880-åra av til [[Bondepartiet]] i 1920-åra. Broren Lars var stortingsmann for Bondepartiet, og den andre broren Paal var lokalpolitikar for det same partiet. Under krigen var Paal NS-ordførar i Lom. Også broren Lars fekk ein landssvikdom. Svogeren Lars Sulheim stod på felleslista til NS og Bygdefolkets krisehjelp i Oppland ved stortingsvalet i 1933. To framståande kunstnarvener av Olav Aukrust, [[David Monrad Johansen]] og [[Wilhelm Rasmussen]] melde seg inn i NS. Bjørnar Vigerust, som i si tid fekk folkehøgskulen og Olav Aukrust til Dovre, var NS-mann før og under okkupasjonen. Under nazistyret, allereie i desember 1940, ville Vigerust gjere ein freistnad på å realisere den mytiske lærdomsstaden Dovre ved å byggje opp eit stordimensjonert germansk og nordisk kultursentrum på Hjerkinn. Han la fram planane for statsråd [[Aksel Stang]], men det kom ikkje noko vidare ut av det.<ref>Statsarkivet i Hamar: Gudbrandsdal politimeisterembete, landssvikavdelinga. Saksdokument, eske 5 1947, brev frå Vigerust til Stang 7.12.1940..</ref>

Olav Aukrust sjølv døydde tre-fire år før NS vart stifta som parti. Det er sjølvsagt fåfengt og kanskje urett å spekulere i om han ville vorte nazist om han hadde levd lenge nok. Men den påfallande vendinga mot nasjonalsosialismen i diktarens nærmiljø gjer det høgst relevant å stille spørsmålet om denne ideologien også kan avspeglast i hans litterære produksjon. Og det er ei kjensgjerning at bondeforherlegande, norrøndyrkande og blod- og jord-ideologiserte norske nazistar trykte Olav Aukrust til brystet som sin eigen diktar. Det er etter måten lett å skjøne når ein les liner som dette:
Olav Aukrust sjølv døydde tre-fire år før NS vart stifta som parti. Det er sjølvsagt fåfengt og kanskje urett å spekulere i om han ville vorte nazist om han hadde levd lenge nok. Men den påfallande vendinga mot nasjonalsosialismen i nærmiljøet til diktaren gjer det relevant å stille spørsmålet om denne ideologien også kan avspeglast i den litterære produksjonen hans. Og det er ei kjensgjerning at bondeforherlegande, norrøndyrkande og blod- og jord-ideologiserte norske nazistar trykte Olav Aukrust til brystet som sin eigen diktar. Det er etter måten lett å skjøne når ein les liner som dette:

:Då høyrde eg Solørnen hjala,
:Då høyrde eg Solørnen hjala,
Linje 231: Linje 231:
:«Olav Aukrust og andre diktarar og sjåarar hadde skrive om den åndelege utviklinga i landet og sagt frå om kva som stod på spel dersom ikkje jorda og bonden var midtpunktet og kjernen.»<ref>Moren, G. 1983:49.</ref>

Det er i denne samanhengen viktig å påpeike at bonderomantikk, nasjonalisme og blod og jord-mystikk ikkje er ein spesifikt fascistisk eller nasjonalsosialistisk ideologi. I Noreg frå andre halvparten av 1800-talet og langt inn i etterkrigstida, var dette eit åndeleg fellesgods for breie, nasjonalt sinna og demokratiske rørsler. Det hadde røter i den tyske nasjonalromantikken med filosofen [[Johann Gottfried Herder]] som ein viktig opphavsperson, og vart formidla til Norden og Noreg særleg av [[Henrich Steffens]], [[Nikolai Frederik Severin Grundtvig|Nikolai F.S. Grundtvig]] og [[Christopher Bruun]]. Store delar av norskdomsrørsla, derunder målrørsla, folkehøgskulane og dei frilynte ungdomslaga, hadde dette som ein felleskulturell ballast, og det strekte seg vel å merke langt utover nynorskmiljøa.  
Det er i denne samanhengen viktig å påpeike at bonderomantikk, nasjonalisme og blod og jord-mystikk ikkje er ein spesifikt fascistisk eller nasjonalsosialistisk ideologi. I Noreg frå andre halvparten av 1800-talet og langt inn i etterkrigstida var dette eit åndeleg fellesgods for breie, nasjonalt sinna og demokratiske rørsler. Det hadde røter i den tyske nasjonalromantikken med filosofen [[Johann Gottfried Herder]] som ein viktig opphavsperson, og vart formidla til Norden og Noreg særleg av [[Henrich Steffens]], [[Nikolai Frederik Severin Grundtvig|Nikolai F.S. Grundtvig]] og [[Christopher Bruun]]. Store delar av norskdomsrørsla, derunder målrørsla, folkehøgskulane og dei frilynte ungdomslaga, hadde dette som ein felleskulturell ballast, og det strekte seg vel å merke langt utover nynorskmiljøa.  

Nasjonalromantikk impliserer rasetenking, i det minste framheving og dyrking av ulike folkeslags eigenart, men ikkje nødvendigvis rasehat. Og det ligg ikkje innbakt i nasjonalromantikken å gå inn for diktatur og «om nødvendig» terror og krig, noko som derimot karakteriserer fascismen og nazismen. Blant dei mange nordmenn som meir eller mindre medvite og uttala delte nasjonal- og bonderomantiske haldningar og kjensler, var det trass alt eit lite mindretal som slutta seg til NS. Det galdt også i Lom, sjølv om NS fekk ei samanlikningsvis god oppslutning der, særleg i det sosiale sjiktet som Aukrust-familien tilhøyrde.
Nasjonalromantikk impliserer rasetenking, i det minste framheving og dyrking av ulike folkeslags eigenart, men ikkje nødvendigvis rasehat. Og det ligg ikkje innbaka i nasjonalromantikken å gå inn for diktatur og «om nødvendig» terror og krig, noko som derimot karakteriserer fascismen og nazismen. Blant dei mange nordmenn som meir eller mindre medvite og uttala delte nasjonal- og bonderomantiske haldningar og kjensler, var det trass alt eit lite mindretal som slutta seg til NS. Det galdt også i Lom, sjølv om NS fekk ei samanlikningsvis god oppslutning der, særleg i det sosiale sjiktet som Aukrust-familien tilhøyrde.

== Diktarkvartetten frå Lom og Skjåk ==
== Diktarkvartetten frå Lom og Skjåk ==
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer