Olav T. Kvaale: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Olav T. Kvaale''' (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var ve...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Olav T. Kvaale]]''' (fødd i [[Lom]] 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og [[den folkelege høgkulturen]] som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av.
'''[[Olav T. Kvaale]]''' (fødd i [[Lom]] 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og [[den folkelege høgkulturen]] som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av.
== Familie ==
Olav T. Kvaale var fødd og oppvaksen på garden Kvåle på Søre Strond i Lom, som foreldra åtte og dreiv. Faren var Torkjell Pålsson Kvåle (1853-1925) og mora var Anne Olsdotter Lykre frå [[Skjåk]] (1862-1946). Olav var den åttande i rekkja av i alt 14 sysken, fødde i tidsrommet 1882-1907.
Han gifta seg i 1924 med Mari O. Galde (1900-1982), fødd og oppvaksen på [[Galdesanden]] og dotter av landhandlar Ole J. Galde og Rønnaug fødd Elvesæter. Mari  var også lærar, og ho og Olav var i mange år tilsette ved same skulen, Loar i Lom. Dei fekk to søner, Torodd (1927-1995) som var journalist, og Roar (fødd 1932), psykolog. Frå 1929 budde familien i Ljosli, ein heim dei hadde bygd seg på tomt frå ein av Andvordsgardane, like ved Tor Jonsson-stugu. Diktaren [[Tor Jonsson]] vart ein familieven, om enn diktaren og Kvaale kunne ha ulikt syn på den bygdekulturen dei båe var ein del av.

Sideversjonen fra 11. des. 2014 kl. 20:56

Olav T. Kvaale (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og den folkelege høgkulturen som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av.

Familie

Olav T. Kvaale var fødd og oppvaksen på garden Kvåle på Søre Strond i Lom, som foreldra åtte og dreiv. Faren var Torkjell Pålsson Kvåle (1853-1925) og mora var Anne Olsdotter Lykre frå Skjåk (1862-1946). Olav var den åttande i rekkja av i alt 14 sysken, fødde i tidsrommet 1882-1907.

Han gifta seg i 1924 med Mari O. Galde (1900-1982), fødd og oppvaksen på Galdesanden og dotter av landhandlar Ole J. Galde og Rønnaug fødd Elvesæter. Mari var også lærar, og ho og Olav var i mange år tilsette ved same skulen, Loar i Lom. Dei fekk to søner, Torodd (1927-1995) som var journalist, og Roar (fødd 1932), psykolog. Frå 1929 budde familien i Ljosli, ein heim dei hadde bygd seg på tomt frå ein av Andvordsgardane, like ved Tor Jonsson-stugu. Diktaren Tor Jonsson vart ein familieven, om enn diktaren og Kvaale kunne ha ulikt syn på den bygdekulturen dei båe var ein del av.