Olav Thon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Olav Thon (fødd 29. juni 1923 i Ål i Hallingdal) er ein forretningsmann som i lang tid har vore ein av landets rikeste personer. Han åtte Olav Thon Gruppen, ei gruppe selskap som mellom anna består av eigedom, hotell og kjøpesenter. I 2013 overførte Thon mesteparten av formuen sin til Olav Thon Stiftelsen. Han er òg ein ihuga friluftsmann og vart XXX æresmedlem i Den Norske Turistforening.

Familie

Foreldra hans var Sevat Thon (1880–1973) og Margit Dokk (1888–1980). I 1950 gifta han seg med Inger-Johanne Gjærum (1919–2018). Som enkjemann gifta han seg opp att med Sissel Berdal Haga.

Olav Thon er bornlaus.

Liv og verksemd

Han voks opp på fjellgarden Søndre Ton ved Vatsfjorden i Ål, som den yngste av fire sysken. Av utdanning har Thon folkehøgskule og handelsskulekurs, og han lærte seg engelsk på eiga hand.

Alt som 16-åring drog han til Oslo for å selge skinn, og to år seinare opna han sin fyrste pelsbutikk: Volvat PelsMajorstua.

I 1950 byrja han å investere i næringseigedom i Oslo og omegn. I 2020 åtte Olav Thon Gruppen om lag 500 næringseigedomar, og av desse var det 91 kjøpesenter. Utanfor Noreg har Thon eigedom fleire stader i Sverige (mellom anna i Charlottenberg), i Rotterdam og Brussel.

Hotelldrift har vore ein viktig del av forretningsverksemda til Thon. Det byrja med at han i 1974 kjøpte Hotel Bristol i Oslo. Hotellkjeden Rainbow Hotels (frå 2005: Thon Hotels), vart etablert i 1989. På 2000-talet kjøpte kjeden opp mange hotell i Noreg og fleire stader i Europa og vart eit av dei største hotellkonserna i landet.

Kjelder og litteratur