Ole Arneson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. okt. 2010 kl. 20:40 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ole Arneson Åsen''' (fødd kring 1621, død kring 1700) var truleg frå Bruheim i Jostedalen. Han gifte seg med Gunnhild Andersdotter frå [[Åsen …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Arneson Åsen (fødd kring 1621, død kring 1700) var truleg frå Bruheim i Jostedalen. Han gifte seg med Gunnhild Andersdotter frå Åsen, og dei overtok Åsen kring 1655.

Ole Åsen var lensmann i Jostedalen og er iallfall nemnd i embetet i 1660.[1] Laberg meiner Ole Åsen hadde lensmannsembetet til kring 1705 og såleis må ha levd til då.[2]

Ole måtte møte på tinget både i 1685 og 1694 for å svare for sonen Anders Olson Åsen, som fekk born utanfor ekteskap med to ulike kvinner.[3]

Litteratur

  1. Synfaring av Jostedal kyrkje, 2. oktober 1660
  2. Laberg 1948, s. 193; Laberg 1939, s. 48
  3. Laberg 1939, s. 48