Ole Arneson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Arneson Åsen (fødd kring 1621, død kring 1700) var truleg frå Bruheim i Jostedalen. Han gifte seg med Gunnhild Andersdotter frå Åsen, og dei overtok Åsen kring 1655. Gunnhild var dotter til gardbrukar Anders Knutson Åsen og lensmann Knut Åsen.

Ole Åsen var lensmann i Jostedalen og er iallfall nemnd i embetet i 1660.[1] I 1656 er han nemnd som lagrettemann, men ikkje som lensmann, så han hadde neppe overteke embetet då.[2]

Sonen Anders Olson Åsen er nemnd som lensmann i 1703, så faren må iallfall ha gått av som lensmann før det. Det kan såleis ikkje stemma at Ole Åsen hadde lensmannsembetet til kring 1705.[3]

Ole måtte møte på tinget både i 1685 og 1694 for å svare for sonen Anders Olson Åsen, som fekk born utanfor ekteskap med to ulike kvinner.[4]

Notar

  1. Synfaring av Jostedal kyrkje, 2. oktober 1660
  2. Synfaringsdokument 6. januar 1656
  3. Laberg 1948, s. 193; Laberg 1939, s. 48
  4. Laberg 1939, s. 48

Litteratur