Ole Arneson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Arneson Åsen (fødd kring 1621, død kring 1700) var truleg frå Bruheim i Jostedalen. Han gifte seg med Gunnhild Andersdotter frå Åsen, og dei overtok Åsen kring 1655. Gunnhild var dotter til gardbrukar Anders Knutson Åsen og barnebarn til lensmann Knut Åsen.

Ole Åsen var lensmann i Jostedalen og er iallfall nemnd i embetet i 1660.[1] I 1656 er han nemnd som lagrettemann, men ikkje som lensmann, så han hadde neppe overteke embetet då.[2]

Sonen Anders Olson Åsen er nemnd som lensmann i 1703, så faren må iallfall ha gått av som lensmann før det. Det kan såleis ikkje stemma at Ole Åsen hadde lensmannsembetet til kring 1705.[3]

Ole måtte møte på tinget både i 1685 og 1694 for å svare for sonen Anders Olson Åsen, som fekk born utanfor ekteskap med to ulike kvinner.[4]

Notar

  1. Synfaring av Jostedal kyrkje, 2. oktober 1660
  2. Synfaringsdokument 6. januar 1656
  3. Laberg 1948, s. 193; Laberg 1939, s. 48
  4. Laberg 1939, s. 48

Litteratur