Ole Christian Rasch

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 3. feb. 2016 kl. 09:24 av Cnyborg (Samtale | bidrag) (hbr, nn)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Christian Rasch (fødd 11. februar 1809 i Kristiania, død 25. august 1879) tok teologisk embetseksamen 14. juni 1833.

Luster

Etter studiane var han i lengre tid huslærar hjå sokneprest Christian Frederik Fleischer i Luster, der han seinare vart forlikskommisær og kasserar i fattigvesenet. Her gifte han seg 20. mars 1840 med prestedottera Andrea Wilhelmine Daae.

Sokneprest i Jostedalen

28. januar 1854 kom Rasch med familien til Jostedalen for å overta prestekallet etter å ha vorte utnemnd til sokneprest 27. august 1853. I Rasch si tid vart det gjort eit større arbeid med Jostedal kyrkje, som fall saman med at det i 1860 var 200 år sidan kyrkja var bygt. I 1859 vart det skaffa ein ny messehakel, golvet i kyrkja vart opphøgd, det kom på plass ei ny kyrkjeklokke, og kyrkjegarden vart utvida med ny og høgare mur. Mest synleg var endringa i 1862 då den tjørebreidde borkledningen på kyrja vart riven ned og erstatta med kvitmåla bordkledning.[1]

Rasch var ordførar i Jostedalen i ei årrekkje, i seks toårsperiodar frå 19. januar 1856 til oktober 1867.[2] Han styrte òg Jostedal bygdemagasin. Rasch var sokneprest i Jostedalen i over 14 år, som var den lengste perioden nokon prest mellom 1792 (Matthias Foss) og 1930 (Svein Medhus) var i embetet.

Hafslo og Luster

16. september 1867 vart Rasch utnemnd til sokneprest i Hafslo. Han styrte sokneprestembetet i Jostedalen i eit knapt år til og heldt avskilstala 7. juni 1868. I Hafslo var han til november 1876 då han og kona flytte attende til Luster.

Notar

  1. Øvregard m.fl. 2010, s. 85, 109, 223f
  2. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 91a, 108b, 121b, 128a og 134a.

Kjelder og litteratur

  • Ole Christian Rasch i folketelling 1865 for Jostedal prestgjeld fra Digitalarkivet.
  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 337. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 224-25.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Christian Bastholm Heltberg 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Andreas Emil Hansen 


Forgjengar:
 Johannes Halvorson Vamberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars Tøgerson Kronen