Ole E. Hagen (1852–1908)

Sideversjon per 12. mar. 2017 kl. 08:48 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ole Eriksen Hagen''' (fødd i Skjåk 7. august 1852 død i november 1908 i Minnesota) var ein bondegut frå Skjåk som emigrerte til Amerika. Han vart...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ole Eriksen Hagen (fødd i Skjåk 7. august 1852 død i november 1908 i Minnesota) var ein bondegut frå Skjåk som emigrerte til Amerika. Han vart kjend som forfattar og journalist med radikale meiningar i politikk og religiøse spørsmål. Han må ikkje forvekslast med den nesten jamgamle namnebroren professor Ole Eriksen Hagen (1850-1927) som også var fødd i Skjåk og som også emigrerte til Midtvesten.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Erik Olsen (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden KjekahagenRamstadstrond i Skjåk. Ole hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865, var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken. Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848), dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.

I folketeljinga 1875 har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900 er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.

Ole Hagen d.y. var gift med Beret Paulsdotter (død 1900). Henne har vi ikkje nærare opplysningar om, men ho var truleg ikkje frå Skjåk. Bryllaupet skal ha funne stad i 1876 . Kanskje hadde Ole allereie på det tidspunktet reist frå Skjåk. Vigselen kan iallfall ikkje sjåast å vere registrert i kyrkjebøkene korkje for Skjåk eller Lom.

Ole og Beret fekk åtte born.