Ole Elias Holck

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær både i krigen 1808 og i 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alvera i Lavik, til eit mønsterbruk.

Familie og oppvekst

Ole Elias Holck var fødd på garden Leirvik (gnr. 99)i Hyllestad. Foreldra var Hans Henrik Hornemann Holck (1735-1809) og Martha Margrete Midelfart Tostrup (1748-1838). Faren var offiser, og overtok Leirvik etter broren i 1868. Frå året etter til han gjekk av med pensjon i 1786, var Hans Henrik H. Holck kaptein og sjef for Vestre ytre sognske kompani.

Ole Elias var den tredje i ein syskenflokk på i alt 14 born, men fleire av syskena døydde som barn.

Han gifta seg 18. august 1812 med med Karen Sophie Hansen (1786–1873). Ho var dotter til fut i Sogn Simon Hansen (1740–1805) og Christine Finde Harberg (1747–1835). Ekteparet Holck overtok farsgarden hennar, Alvera (Alværa, Alvern, Alværn) i Lavik. Dei fekk tre born. Dottera Christine Finde Holck og hennar ektemann kaptein Peder Fridrik Hartvik overtok garden frå mor hennar i 1855.

Militær karriere

Som smågut vart Ole Elias send til Bergen der han fekk utdanning og militær opplæring hjå major Niels Todal.[1] Det framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder om han gjekk Krigsskulen. Han gjorde fyrste befalsteneste som sersjant ved Ytre Sognske kompani av 1. Bergenhuiske nasjonale infanteriregiment. Vidare militært avansement kan oppsummerast som følgjer:

  • 1789: Fenrik a la suite (ikkje i stilling)ved Bergenhusiske regiment (1. og 2 Bergenhusiske slegne saman frå 1. mai det året).
  • 1790: Sekondløytnant karakterisert (grad, men ikkje i tilsvarande stilling).
  • 1794: Verkeleg fenrik ved regimentets 2. gevorbne grenaderkompani 1794.
  • 1797: Verkeleg sekondløytnant ved Sogndalske kompani.
  • 1799: Tilbake til 2. gev. gren.kp.
  • 1800: Premierløytnant karakterisert.
  • 1801: Verkeleg premierløytnant ved Nordre Nordhordlenske kompani.
  • 1802: Til Ytre sognske kompani.
  • 1808: Stabskaptein ved Kronens regiment i København.
  • 1808-1809: I teneste som adjutant ved major Cardoffs diviisjon i København under krigen.
  • 1809: Kaptein ved Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment og sjef for Søndre sunnfjordske kompani. Han var framleis i Danmark.
  • 1810: Sjef for Ytre sognske kompani.
  • 1815: Major og sjef for Sognske bataljon.
  • 1818: Oberstløytnant (karakterisert?) og «bestyrer» av Sunnfjordske nasjonale musketerkorps av Bergenske infanteribrigade.
  • 1819: Verkeleg oberstløytnant og sjef for korpset.
  • 1828: Oberst.
  • 1834: Generaladjutant. «Adjutant» var eigentleg ikkje ein grad, men ei stilling. I dette tilfelle var det likevel helst ein honorær tittel mellom oberst og generalmajor. Så vidt vi veit, tenestegjorde ikkje Holck som generaladjutant, som på denne tida var tittelen på stillinga som styrar for den norske hæren på vegne av øvstkommanderande (statthaldaren/Kongen).

Eidsvoll 1814 - for ei sterk kongemakt?

Stortingsmann

Gardbrukar

Kulturvernarbeid

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Johan: «Offiser og eidsvollsmann - Ole Elias Holck» i Sogeskrift frå Hyllestad 2011.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Holck i Norsk biografisk leksikon 1934.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bind I, 1. del. Kristiania 1914.
  • Lundeland, Magnus: Generaladjutant Ole Elias Holck - Kurer, Eidsvollsmann og distriktssjef, i Sogeskrift frå Hyllestad, hefte 5 1987.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.

Referansar

  1. Ovenstad, Hagen, J. 2011:41.