Ole Ivarsson Midthaugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. jan. 2024 kl. 10:44 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Ivarsson Midthaugen (ca. 1765 - 1851) vaks opp på garden Øren i Kleve sokn, Bolsøy prestegjeld. Han vart i 1793 gift med Ane Pedersdotter Nes frå same sokn og prestegjeld. Saman fekk dei minst tre born. Faren kjøpte Midthaugen i 1783, og Ole Iversson overtok truleg som brukar på garden i samband med giftemålet, i alle fall før 1801.

Ole Ivarsson Midthaugen var valmann for Bolsøy prestegjeld våren 1814, eit ombod han også hadde i samband med stortingsvalet i 1821.

Kjelde