Olea Crøgers veg (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mai 2019 kl. 00:15 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olea Crøgers veg sett sørover frå Gravshaugvegen.
Foto: Roy Olsen (2019).

Olea Crøgers veg i Seljord kommune er ein blindveg som går sørover frå Gravshaugvegen til snuplass i enden.

Vegen er 170 m lang og er kalla opp etter folkeminnesamlaren Olea Crøger (1801–1855).

Olea Crøger var dotter til sokneprest Johannes Crøger (1753–1830) og Helle Margrete Neumann (1764–1849). Ho var ein av dei fyrste som systematisk samla inn folkeviser og melodiar i Telemark. Samlingane overlot ho til M. B. Landstad og L. M. Lindeman. Bortsett frå kortare Christiania-opphald levde Olea Crøger heile sitt liv i telemarksbygdene Heddal, Kviteseid og Seljord.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.48548° N 8.61957° Ø