Oscar Garman Nagelstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Kjelder og litteratur: lagt til Stendal)
m (kat)
Linje 22: Linje 22:
[[Kategori:Prester i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Prester i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Prester i Vest-Agder]]
[[Kategori:Prester i Vest-Agder]]
[[Kategori:Personer fra Årdal]]
[[Kategori:Personer fra Årdal kommune]]
[[Kategori:Personer fra Kristiansand]]
[[Kategori:Personer fra Kristiansand kommune]]
[[Kategori:Personer fra Grimstad]]
[[Kategori:Personer fra Grimstad kommune]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]

Sideversjonen fra 14. des. 2012 kl. 09:47

Oscar Garman Nagelstad (fødd 14. desember 1873 i Kristiansand, død 14. januar 1925 i Grimstad) vart student i 1893 og tok teologisk embetseksamen i 1899. Han var son av Torkel Gahrsen Nagelstad (f. 1848) og Bertine Elise Olsen (f. 1852). Farfaren Gahr Torkelsen Nagelstad var gardbrukar i Hægebostad.

I 1900 vart Nagelstad styrar ved Florø toårige middelskole, og frå 1902 var han lærar ved Fredrikstad middelskole for piger. I 1907 vart han stiftskapellan i Bergen stift før han året etter vart sokneprest i Årdal i Sogn og Fjordane. Her var han til han i 1915 vart sokneprest i Hommedal (Grimstad). Her var han til han døydde i 1925.

Nagelstad var mellom prestane som tidleg gjekk over til nynorsk. Då det vart prestelaust i Årdal, samla Årdal mållag i 1908 141 underskrifter bak ynsket om å få ein nynorsktalande prest. Folkeskulen hadde i åra før gått over til nynorsk opplæringsmål. Nagelstad vart utnemnd, og han brukte nynorsk. Det gjorde han òg som fyrste prest då han vikarierte i det prestelause Jostedalen i 1912-13. I Jostedalen brukte han òg nynorsk ved barnedåp.[1].

Nagelstad gifte seg 7. april 1901 med lærarinna Amunda Elise Hovbrender (1876-1956) frå Tønsberg, dotter av offiseren Christian B.O. Fredriksen og Cecilia Fredriksen. Dei fekk minst fire born.

Notar

  1. Hovdan-protokollen s. 185 og Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen

Kjelder og litteratur