Oterholtvegen

Sideversjon per 27. feb. 2017 kl. 22:44 av Rool (samtale | bidrag)

Oterholtvegen i Bø i Telemark går nordover frå Gymnasbakken i krysset med Prestevegen, kryssar Bøelva på Oterholt og endar i krysset med Livegen og Vreimsida.

Oterholtvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Vegen har namn etter det gamle handelssenteret Oterholt, er ein del av Fv 155 og omlag 1,9 km lang.

Frå gamalt av har det vore bru over Bø-elva frå Oterholt-sida til Sisjord-sida. På Oterholt-sida voks det fram eit lite bygdesenter frå midten av 1850-talet og framover. Staden blei omtala som «ved Oterholt-brua». Noko seinare kom også nemninga «Tatergata» i bruk. Det var mykje framandfolk her og tatarar slo leir. Etter 1900 tok nåverande Bø sentrum til å vekse og området ved Oterholt-brua kom meir i bakleksa etter kvart. Seinare gjekk nemninga for staden over til å bli «på Oterholt». Igjen eit gardsnamn som har gjett namn til ein «tettstad».

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Opplysningar frå Finn Rønning ved Bø museum.


Koordinater: 59.41873° N 9.05944° Ø