Gymnasbakken
Gymnasbakken i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Bøgata ved Gamleveg til Oterholtvegen i krysset med Prestevegen. Han er om lag 550 meter lang og er ein delstrekning av fylkesveg 3334 (tidlegare fv. 155).
Vegen har namn etter Landsgymnaset, eller «Telemark offentlege landsgymnas og Bø statsrealskule» som var det offisielle namnet frå 1954 til 1964. Da blei namnet korta ned til Bø gymnas, og i 1980 blei det endra til Bø vidaregåande skule.
Vegen blei anlagt i 1961, og fekk det uoffisielle namnet «Nyveg». Etter kvart blei han på folkemunne òg kalla «Bedehusbakken», etter Bø bedehus som ligg i vegen som nr. 55.
Eigedomar
| Nr. | Bilde | Om eigedomen |
|---|---|---|
| 6 | Gnr. 53/188, tidl. festenr. 69 Skild frå bnr. 1 i 1990 til Trygve Mæland. | |
| 9 | Gnr. 53/211 Horisontaldelt tomannsbustad. | |
| 11A–E | Gnr. 53/300, tidl. festenr. 41 Bolighus med 6 leilegheiter sett opp ca. 2013. | |
| 13A–G | Gnr. 53/257, Sameige Bø panorama, bolighus med 7 leilegheiter bygd ca. 2012. | |
| 15 | Gnr. 53/210, tidl. festenr. 51 Einebustad. | |
| 17 | Gnr. 53/201 Einebustad. | |
| 19 | Gnr. 53/233 Einebustad. | |
| 23/25, 27 | Gnr. 53/1/57 Leigetomt under Bø prestegard. Frå 1954, «Telemark offentlege landsgymnas og Bø statsrealskule» (Landsgymnaset). Frå 1964, Bø gymnas, og frå 1980, Bø vidaregåande skule. | |
| 39A–D, 41A–F | Gnr. 53/314 Gymnasbakken II borettslag med 10 leilegheiter bygd 2016. Eit hus (39) med 4 einingar og eit (41) med 6 einingar. | |
| 43/45/47 | Gnr. 53/311, 312, 313 Rekkehus med 3 einingar bygd i 2016. | |
| 49, 51 | Gnr. 53/310 Gymnasbakken I borettslag, to hus, kvart med 4 leilegheiter bygd ca. 2015. | |
| 55 | Gnr. 53/203 Bø Bedehus, sett opp i 1933. Eigar, Bø Normisjon. I 2008–2009 blei bedehuset ombygd og påbygd etter teikningar av arkitekt Håvard Gjernes hos Lokale arkitekter på Gvarv. Byggmeister var Håvard Aabø. | |
| 57 | Gnr. 53/127, «Østvold» Einebustad. Tomta blei skild frå bnr. 49 i 1972. Svein Haugen kjøpte tomta og sette opp huset i 1972. | |
| 59 | Gnr. 53/49 Opphaveleg bustadtomt på 3 da skild frå bnr. 2, Østtveit, i 1946 og kjøpt av Jørund H. Verpe. Stugubygning og uthus blei sett opp i 1949. | |
| 61 | Gnr. 53/328 Einebustad. Tidlegare Oterholtvegen 1. Skild frå bnr. 49 i 2021. |
Sjå også
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bø vidaregåande skule: Skulens historie
- Varden 27. august 2013: Om idrettshallen ved Bø vgs