Peder Hjermann

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jan. 2014 kl. 11:33 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Peder Pedersson Hjermann''' (født 1. desember 1754 i Lærdal, død 25. desember 1834) var gardbrukar og eidsvollsmann. Han gifta seg i 177...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Pedersson Hjermann (født 1. desember 1754 i Lærdal, død 25. desember 1834) var gardbrukar og eidsvollsmann.

Han gifta seg i 1775 med Berta Malene Thomasdotter Dahlsøren frå Luster. Det er ikkje kjend nokre born frå dette ekteskapet. Paret budde ved folketellinga 1801 på postgarden Stødnum, der Peder Hjermann var poståpner og bonde. Berta Malene døydde i 1806, og i 1809 gifta Peder seg med Else Sofie Sørensdotter Lem. Dei fekk sju born, og har stor etterslekt i Noreg og USA.

Ved valet i Lærdal prestegjeld den 18. mars 1814 vart han valmann, og ved amtforsamlinga i Nordre Bergenhus amt den 30. mars vart han amtets tredje representant, saman med sorenskriver Lars Johannes Irgens og sokneprest Nicolai Nielsen. Under forhandlingane på Eidsvoll røysta han med sjølvstendepartiet.

Kjelder