Peder Hjermann

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. apr. 2014 kl. 12:46 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Pedersson Hjermann (fødd 1. desember 1754 i Lærdal, død 25. desember 1834) var gardbrukar på Stødno (Stødnum) i Hauge sokn, postopnar og eidsvollsmann.

Slektsnamnet Hjermann skriv seg frå ein dansk innvandrar, Peder Nilsen Hjermann som tok borgarskap i Bergen i 1635. Han vart også hospitalforstandar der og forvaltar av Apostelgodset som mange gardar i Sogn tilhøyrde. Han vart ein velståande jordeigar også privat, og åtte mellom anna ein del i Stødnum. Ein brorson av han vart gjestgjevar og handelsmann på Lærdalsøyri, og sonen hans vart fyrste gardbrukaren på Stødno med slektsnamnet Hjermann. Han var farfar til eidsvollsmannen.

Peder Hjermann vor son av Peder Pedersen Hjermann (1710-1772) og Ingeleiv Lassesdotter Eri (død 1768). Peder d.e. var lensmann i bygda og nokså velståande.

Peder d.y. gifta seg i 1775 med Berta Malene Thomasdotter Dahlsøren frå Luster. Det er ikkje kjend nokon born frå dette ekteskapet. Paret budde ved folketellinga 1801 på postgarden Stødnum, der Peder Hjermann var postopnar og bonde. Berta Malene døydde i 1806, og i 1809 gifta Peder seg med Else Sofie Sørensdotter Lem. Dei fekk sju born, og har stor etterslekt i Noreg og USA.

Ved valet i Lærdal prestegjeld den 18. mars 1814 vart han valmann, og ved amtforsamlinga i Nordre Bergenhus amt den 30. mars vart han amtets tredje representant, saman med sorenskriver Lars Johannes Irgens og sokneprest Nicolai Nielsen. Under forhandlingane på Eidsvoll røysta han med sjølvstendepartiet.

Kjelder