Peter Flor
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Pierre Poumeau (Peter) Flor, (fødd 25. september 1775 i Vestre Aker, nå Oslo kommune, død 8. april 1848 i Drammen) var offiser, jurist, publisist og politikar. Hans franske namn skuldast oppkalling etter general Pierre Poumeau i Christiania, men Flors førenamn har vanlegvis vore fornorska til Peter både i samtida og i ettertid. Flor vart kjend som ein radikalt liberal politikar, som i dei fyrste åra etter 1814 stod i fremste rekkje i motstanden mot Karl Johans forsøk på å endre grunnlova i monarkisk og unionsfremjande retning. Flor har saman med Jacob Hoel gjeve namn til Det Flor-Hoelske parti på Stortinget i tidsrommet 1818-1824.
Bakgrunn og familie
Peter Flor var son av auditør og regimentskvartermeister (titulær generalkrigskommissær) Jens Lorentz Flor og Maren Bolette Heegaard. Peter var fødd på garden Lilleaker i Vestre Aker, og har truleg vakse opp der. Faren kjøpte seinare garden (1789?) Haugbu i Asker, og skal ha budd der som enkjemann saman med tre døtre. Peter var truleg flytta heimefrå da resten av familien flytta til Haugbu. Ved farens død i 1806 overtok han garden og dreiv den i nokre år. Peter Flor var ikkje gift.