Peter Vogelius Deinboll

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. apr. 2011 kl. 12:05 av Kallrustad (samtale | bidrag) (mer presise stortingskategorier, men allikevel ikke presise nok?)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter Vogelius Deinboll(fødd 8. januar 1783 i København, død 13. mai 1874 i Vestre Aker, nåverande Oslo kommune), var teolog, skulemann, folkeopplysningsmann og politikar. Deinboll var initiativtakar til den fyrste lærarutdanninga i Nord-Noreg og hovudmannen bak skulelova av 1827. Han har også etterlate seg verdfulle botaniske og zoologiske samlingar.


Familie

Han var son av tallotterikollektør Christian Deinboll og Karen Christiane fødd Holm. Peter V. Deinboll gifta seg 1809 Anna Marie Dorthea Deinboll (1781-1858). Foreldra hennar var konsumpsjonsforvaltar Jørgen Deinboll og Anna Margrethe Elisabeth fødd Holm. Peter V. Deinboll og kona var syskenborn.


Utdanning og fagområde

Deinboll tok filosofisk eksamen ved universitetet i København i 1801. Etter eit opphald i Noreg vidareførde han studiane i København frå 1805, både medisin og teologi, utan å ta avsluttande eksamenar der. Han fullførde seinare sine teologiske studiar ved det nye universitetet i Christiania, og vart cand. theol. derifrå i 1815. Deinboll var også ein kunnig naturvitar, men var på det området sjølvlærd.


Lærar og prest

Under det fyrste opphaldet sitt i Noreg var Deinboll mellom anna huslærar hjå kaptein F.C. von DittenRåen i Øvre Eiker. Lærargjerninga følgde med han gjennom heile karrieren, og skulevesenet var han også særskilt oppteken av som politikar.

Da han på nytt kom til Noreg i 1808, denne gongen for godt, var Deinboll fyrst huslærar i Holmestrand. Så starta han sin eigen privatskule der. Frå Holmestrand flytta han til Drammen, der han var kyrkjesongar i Bragernes kyrkjelyd. Ved sida av dette underviste han ved borgarskulen i Drammen.

Same år som han tok embetseksamen (1815) vart Deinboll utnemnd til sitt fyrste kall i Vadsø. Han var der til 1824. Ei tid hadde han ansvar for alle soknekall i Aust-Finnmark, og var prost frå 1819.

Frå 1824 til 1832 var Deinboll sokneprest i Løten i Hedmark. Der dreiv han også privatundervisning for ungdom som ville studere, ei verksemd som ofte blir omtala som Prost Deinbolls institutt. Mellom andre Nikolai Ramm Østgaard og Bernt Lund fekk si artiumsførebuande undervisning der.

I perioden 1832–1857 hadde Deinboll prestekall i Bolsøy og Molde, og han var prost i Romsdal prosti 1844–1850.


Politikar

Peter V. Deinboll representerte Finmarkens amt på Stortinget i 1821, 1822 (det overordentlig stortinget som vart oppløyst før Deinboll nådde fram), og i 1824. Seinare var han vararepresentant til Stortinget frå Kristiansund og Molde.

Eit hovudfelt for hans politiske engasjement, og noko som hadde nær samanheng med hans yrke og livsgjerning, var utbygging av skolevesenet. Allereie før han kom på Stortinget hadde han fremja ein plan for styresmaktene om nyordning av skulen i Finnmark. I 1821 sette han fram eit forslag i Stortinget om ein lærarseminar i Nord-Noreg. Skulen vart ein realitet ved opprettinga av Trondenes Seminar i 1826. Deinboll søkte prestekallet i Trondenes, ei stilling som skulle kombinerast med styrarstillinga på seminaret. Det er grunn til å tru at den svenske statthaldaren i Noreg fekk forhindra dette av politiske grunnar. Bakgrunnen var at Deinboll på Stortinget i 1821 hadde fremja eit forslag som hadde brodd mot kongen og regjeringa. Meldingar frå desse statsmaktene til Stortinget skulle skje på konstitusjonelt vis, og alle stortingsrepresentantane skulle få kjennskap til innhaldet.

Deinboll var svært aktiv på Stortinget, mellom anna som medlem av 15 komitear og formann i fleire av dei. Eit framlegg frå Deinboll på Stortinget 1824 vart lagt til grunn for den viktige skulelova av 1827.


Naturvitar

Deinbolls vidtfemnande interesser omfatta ikkje minst naturkunnskap. Han føretok zoologiske og botaniske innsamlingsreiser i grensestroka Noreg-Russland-Finland, i Romsdalen og på Austlandet. Frå 1819 var han medlem Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, som delvis finansierte innsamlingsarbeidet hans. Han hadde særleg interesse for botanikk og entomologi (insektlære). Deinboll samla insekt frå mange stader i landet, og bygde opp ei stor samling, som nå tilhøyrer Naturhistorisk museum i Oslo. Også plantesamlingane hans er delvis bevart, og finst nå dels i Vitskapsmuseet i Trondheim, dels i Oslo-herbariet og i andre museum i Norden.


Folkeopplsyningsmann

Folkeopplysninga låg også Deinbolls hjarte nær, og var drivkraft i skulearbeidet hans. Han engasjerte seg sterkt i forbetringar innan fiske, jordbruk og andre næringsvegar i embetsdistrikta sine. Mellom anna utgav han eit rettleiingsskrift om behandling og tilverking av saltvassfisk. Han var redaktør for Oeconomiske Samlinger utgjeve av landbrukssselskapet i distriktet, og gjorde mykje for å få til ein landbruksskule i amtet.

Fyrst og fremst for opplysningsarbeidet sitt («almeen-nyttig Forfatter-Virksomhed») vart Peter Deinboll riddar av St. Olavs Orden i 1847, det fyrste året ordenen vart utdelt.


Kjelder og litteratur