Pitesamisk drakttradisjon: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 6: Linje 6:
=== Gappte - kofta ===
=== Gappte - kofta ===
I eldre tider var det vanlig å bruke ''skiltjah'' — kofter av ugarva reinskinn, men i nyare tid er det stort sett ''gaptah'' av [[vadmel]] som blir bruka. Både kvinne- og mannskoftene følgjer den sørlige tradisjonen med V-opning i halsen, og tradisjonelt med ''slæhppá'' (barmklede). I snittet er den pitesamiske kofta relativt romslig, og ho ber noko preg av dressnitt. I kvinnekoftene går borden i halsopninga over i nakkeborden i éi linje, medan mannskofta har vinkel i overgangen og høg, opprett krage. Halsborden blir oppatteken ytst på erma. Kvinnekofta blir avslutta nedst med to eller fleire breie band med same mønsteret som halsborden, og med eit vove band, ''lissto'', nedst. Mannskofta har ikkje desse banda, berre ''lissto'' som kanting nedst. Mannskofta har innlagte raude ''struvdah'', smale og dobbeltlagte tyrender mellom framstykket, bakstykket og erma; kvinnebunaden har ikkje ''struvdah''.

Det er tre variantar av bordar i pitesamisk område: Rette bordar, sikksakkbordar og broderte bordar. Den vanligaste i dag er sikksakkborden, og ei kofte med slike bordar blir kalla ''skárrjegappte''. Bordane er gjerne breiare i ny tid enn tidligare.

=== Slæhppá - bringekledet ===
=== Slæhppá - bringekledet ===

Sideversjonen fra 18. mai 2017 kl. 10:28

Mann i pitesamisk kofte av nyare type attmed ein gåhte i Beiarn.
Foto: Norbert Kiss

Den pitesamiske drakttradisjonen hører, som pitesamisk kultur generelt, heime i området kring Saltfjellet og Sør-Salten så vel som i store deler av Pite lappmark i Svensk Lappland. I likheit med ume- og sørsamisk drakttradisjon så vel som deler av lulesamisk drakttradisjon, har den pitesamiske kofta oftast djup v-hals. Det mest kjennspake trekket elles i den pitesamiske drakta som er vanlig i dag er den fleirfarga borden, ofte med sikksakkmønster, langs splitten frampå kofta og ved enden av erma. På eldre kofter er borden gjerne smal, mens han kan vere svært brei på nyare kofter.

Slæhppá (bringekledet) er gjerne dekorert med tinntrådbroderi på fleirfarga bakgrunn, ikkje berre på kragen som vanlig i lulesamisk drakttradisjon, men i eit stort kvadratisk felt på bringestykket, slik som det òg er vanlig i sørlig sørsamisk drakttradisjon.

Gappte - kofta

I eldre tider var det vanlig å bruke skiltjah — kofter av ugarva reinskinn, men i nyare tid er det stort sett gaptah av vadmel som blir bruka. Både kvinne- og mannskoftene følgjer den sørlige tradisjonen med V-opning i halsen, og tradisjonelt med slæhppá (barmklede). I snittet er den pitesamiske kofta relativt romslig, og ho ber noko preg av dressnitt. I kvinnekoftene går borden i halsopninga over i nakkeborden i éi linje, medan mannskofta har vinkel i overgangen og høg, opprett krage. Halsborden blir oppatteken ytst på erma. Kvinnekofta blir avslutta nedst med to eller fleire breie band med same mønsteret som halsborden, og med eit vove band, lissto, nedst. Mannskofta har ikkje desse banda, berre lissto som kanting nedst. Mannskofta har innlagte raude struvdah, smale og dobbeltlagte tyrender mellom framstykket, bakstykket og erma; kvinnebunaden har ikkje struvdah.

Det er tre variantar av bordar i pitesamisk område: Rette bordar, sikksakkbordar og broderte bordar. Den vanligaste i dag er sikksakkborden, og ei kofte med slike bordar blir kalla skárrjegappte. Bordane er gjerne breiare i ny tid enn tidligare.

Slæhppá - bringekledet

Avve - beltet

Det vanligaste beltet til den pitesamiske kofta er eit vove belte med duskar. Beltet har ruter i blått for menn og raudt for kvinner. Ein kan òg bruke eit stølbelte med same sort sølvstølar som til kvinne-nordmørsbunaden og med lauvheng eller mølnsteinsheng.

Båksåh - bukser

Gábmagah jah vuodah - sko og skoband

Den sjøsamiske drakta?

Hittil er det ikkje funne noko eksempel på bufinndrakter i Sør-Salten. Det er dermed ikkje kjent om bufinnkofta låg nærmast arjeplogssamiske, tysfjordsamiske, umesamiske eller andre koftetradisjonar. Det vi likevel kan rekne med, er at bufinnkoftene hørte til den sørlige V-opningstradisjonen.

Fotnotar

Lenkjer

DigitaltMuseum / Norsk Folkemuseum

  • Kofte frå pitesamisk område i Nordland
  • Bringeduk (bringeklede, brystduk) frå pitesamisk område i Nordland
  • Komagband, trulig frå pitesamisk område i Nordland
  • Puttisar (leggband), trulig frå pitesamisk område i Nordland