Pitesamisk drakttradisjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mann i pitesamisk kofte av nyare type attmed ein gåhte i Beiarn.
Foto: Norbert Kiss

Den pitesamiske drakttradisjonen hører, som pitesamisk kultur generelt, heime i området kring Saltfjellet og Sør-Salten så vel som i store deler av Pite lappmark i Svensk Lappland. I likheit med ume- og sørsamisk drakttradisjon så vel som deler av lulesamisk drakttradisjon, har den pitesamiske kofta oftast djup v-hals. Det mest kjennspake trekket elles i den pitesamiske drakta som er vanlig i dag er den fleirfarga borden, ofte med sikksakkmønster, langs splitten frampå kofta og ved enden av erma. På eldre kofter er borden gjerne smal, mens han kan vere svært brei på nyare kofter.

Slæhppá (bringekledet) er gjerne dekorert med tinntrådbroderi på fleirfarga bakgrunn, ikkje berre på kragen som vanlig i lulesamisk drakttradisjon, men i eit stort kvadratisk felt på bringestykket, slik som det òg er vanlig i sørlig sørsamisk drakttradisjon.

Gáppte - kofta

Slæhppá - bringekledet

Avve - beltet

Det vanligaste beltet til den pitesamiske kofta er eit vove belte med duskar. Beltet har ruter i blått for menn og raudt for kvinner. Ein kan òg bruke eit stølbelte med same sort sølvstølar som til kvinne-nordmørsbunaden og med lauvheng eller mølnsteinsheng.

Båksåh - bukser

Gábmagah jah vuodah - sko og skoband

Den sjøsamiske drakta?

Hittil er det ikkje funne noko eksempel på bufinndrakter i Sør-Salten. Det er dermed ikkje kjent om bufinnkofta låg nærmast arjeplogssamiske, tysfjordsamiske, umesamiske eller andre koftetradisjonar. Det vi likevel kan rekne med, er at bufinnkoftene hørte til den sørlige V-opningstradisjonen.

Fotnotar


Lenkjer

DigitaltMuseum / Norsk Folkemuseum

  • Kofte frå pitesamisk område i Nordland
  • Bringeduk (bringeklede, brystduk) frå pitesamisk område i Nordland
  • Komagband, trulig frå pitesamisk område i Nordland
  • Puttisar (leggband), trulig frå pitesamisk område i Nordland