Poul Holst Irgens

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Pål Holst Irgens (fødd ca. 1724 død 1784) kom til Lesja jernverk og gifta i 1757 seg med Birgitte Marie Reinholdtsdtr. Ziegler, enkje etter førre verkseigaren Hans Jensen Holmboe. I Irgens si tid gjekk drifta ved verket godt, og han kjøpte opp fleire gardar i bygda og Romsdalen. Irgens var òg direktør ved Folldal kopparverk.

I følgje ei slektsside på nettet skal Pål vere fødd 11. juli 1725 på Røros av foreldra Henning Johannesen Irgens f. 1. april 1698 i Holtålen, død 1778 på Røros og Gjertrud Madsdtr. Hage f. 1. mars 1687 i Trondheim, død 16. januar 1752. Men dåpen hans finst ikkje ved gjennomblading av dei skanna kyrkjebøkene for dagane kring den datoen i 1725.

Litteratur

  • Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen s. 524 og 576.