Poul Holst Irgens

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Pål Holst Irgens)
Hopp til navigering Hopp til søk

Poul Holst Irgens (fødd ca. 1724, død 1784) kom til Lesja jernverk som «Directeur» og gifta seg i 1757 med Birgitte Marie Reinholdtsdtr. Ziegler, enkje etter førre verkseigaren Hans Jensen Holmboe. I Irgens si tid gjekk drifta ved verket godt, og han kjøpte opp fleire gardar i bygda og Romsdalen. Irgens var òg ved Røros gruver og direktør ved Folldal kopparverk. I 1767 kosta Irgens nytt tårn og tre nye kyrkjeklokker på Lesjaskog kyrkje, som den gongen stod ved verket.

Poul Holst Irgens vart født i Selbu i 1724[1] av foreldra Henning Johannessen Irgens f. 1. april 1698, død 1778 på Røros og Gjertrud Madsdtr. Hage f. 1. mars 1687 i Trondheim, død 16. januar 1752 på Røros.[2]

Litteratur

Referanse

  1. Kyrkjebok for Selbu
  2. Langberg 1927 s. 14 og 26.