Råheim krins: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
 
(7 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke)
Linje 26: Linje 26:
! Etternamn!! Fornamn!! Fødd!! Skule!! Tilsett år!! Slutta år !! Utdanning frå !!Merknad
! Etternamn!! Fornamn!! Fødd!! Skule!! Tilsett år!! Slutta år !! Utdanning frå !!Merknad
|-
|-
| Hage || Gjert Johannessen|| ||Råheim|| seinast 1868 ||1888 (*)||  ||Finnast ved signatur i skuleprotkoll i 1868-69. (*)Truleg den G. Hage som iflg. skulestyrets møtebok pensjonerast i 1888 etter 30 års arbeide i skulen.<ref>Møtebok for skulestyret i Gaular, 1884-1904</ref>  
| Hage || Gjert Johannessen|| 1837 ||Råheim, [[Viken krins|Viksdalen (Viken)]], [[Øvrebotnen krins|Øvrebotnen]] + "dei flese skulane i Gaular <ref>Timberlid, Jan Anders. ''Bygdebok for Gaular''. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1998. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014111924006}}, side 479.</ref>|| seinast 1868 (truleg ca. 1858) ||1888 (*)||  ||Finnast ved signatur i skuleprotkoll i 1868-69.<ref>Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. [https://media.digitalarkivet.no/view/251381/1 Digital versjon] på Digitalarkivet.no.</ref> (*)Truleg den G. Hage som iflg. skulestyrets møtebok pensjonerast i 1888 etter 30 års arbeide i skulen.<ref>Møtebok for skulestyret i Gaular, 1884-1904</ref>  
|-
|-
| Gjertland || Andreas ||  ||Råheim og Øvrebotten || 1885 || 1887 ||  ||
| Gjertland || Andreas ||  ||Råheim og Øvrebotten || 1885 || 1887 ||  ||
|-
|-
| Foss || Mads ||  ||Råheim og Øvrebotten || || || ||  
| Foss || Mads ||  ||Råheim og Øvrebotten || 1887 (?) || || ||  
|-
|-
| Budal || Laurens Andreas ||  ||Råheim og Øvrebotten || 1912 || || || Uklart om han tok posten.<ref>''Skolebladet''. no. 1912. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2022120283040_001}}.</ref>
| Budal || Laurens Andreas ||  ||Råheim og Øvrebotten || 1912 || || || Uklart om han tok posten.<ref>''Skolebladet''. no. 1912. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2022120283040_001}}.</ref>
|-
|-
|Tjønneland || Knut || 1. juli 1895 || Råheim, [[Eldal krins|Eldal]] || || || Volda lærarskule (1919), Askov høskule, Danmark (1920-1921), Noregs lærarhøgskule (1926-1927) ||Tidlegare lærar i Eldal krins.  
|Tjønneland || Knut || 1. juli 1895 || Råheim, [[Eldal krins|Eldal]] || (seinast 1934) || || Volda lærarskule (1919), Askov høskule, Danmark (1920-1921), Noregs lærarhøgskule (1926-1927) ||Tidlegare lærar i Eldal krins.  
|-
|-
| Haaland || Inga ||  ||Råheim ||1921|| || ||<ref> ''Skolebladet''. no. 1921. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2022120283044_001}}. </ref>
| Haaland || Inga ||  ||Råheim ||1921|| || ||<ref> ''Skolebladet''. no. 1921. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2022120283044_001}}. </ref>
Linje 55: Linje 55:
===Prenta kjelder===
===Prenta kjelder===
*{{ Kilde bok | forfatter = Timberlid, Jan Anders | utgivelsesår = 1995 | tittel = Bygdebok for Gaular band 3: Gaular 1865-1990 - Samarbeid og motsetningar. | isbn = 8299453844 | forlag = [Gaular sogenemnd] | url = http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008022104028 | }}
*{{ Kilde bok | forfatter = Timberlid, Jan Anders | utgivelsesår = 1995 | tittel = Bygdebok for Gaular band 3: Gaular 1865-1990 - Samarbeid og motsetningar. | isbn = 8299453844 | forlag = [Gaular sogenemnd] | url = http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008022104028 | }}
*Timberlid, Jan Anders. ''Bygdebok for Gaular''. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1998. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014111924006}}.
*''Norske skulefolk''. Utg. Dreyer. 1934. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016041448243}}.
*''Norske skulefolk''. Utg. Dreyer. 1934. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016041448243}}.



Nåværende revisjon fra 4. des. 2023 kl. 14:49

Kartutsnitt frå fylkesatlas.no
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Råheim krins låg i Gaular kommune i Sunnfjord. Krinsen besto siste halvdel av 1800-talet av gardane Vallestad, Øyna, Råheim, Tuftene og Hetla.[1][2]

Råheim krins vart slegen saman med nabokrinsane Mjell, Viksdalen, Øvreboten og Eldal i 1962, då den nye sentralskulen i Viksdalen opna.

Skulehus

Råheim, Gaular, Sogn og Fjordane. Lite hvitt skolehus, rødt uthus ved sidan av. Bygget i 1905. Registrering utført 1958-59 av Johan Sciong for Norsk Lærarlag
Foto: Johan Sciong/Norsk Folkemuseum/Digitalt museum

Råheim og Øyna ( - 1904)

Mellom 1868 og 1905 oppgir skuleprotkollane at skulen vart held hos fleire ulike personar på Råheim - det er uklart om det er snakk om ein skulestad med ei rekke forskjellige eigarar, eller mange ulike skulestader: Gjert Olsen Raaheim (i 1868), Beret Gjertsen Raaheim (1869), Andreas Hansen Raaheim (1869, 1872), enken Maline Olsdatter Raaheim (1873-1875), Mikal Olsen Raaheim (1877-1882), Ole Andersen Raaheim (1884-1893).

Det er også vert held skule på garden Øyna (Øen), kor Mikal Gjertsen Øen (i 1876), Gjert Hage (1882-1891), Hans Ragnaldsen (1886) og Gjert Johannessen (1887) er oppgitt som eigarar av skulestad i skuleprotokollene. Skulen ser ut til å ha veksla mellom å ha tilhald på Råheim og Øyna fram til kring 1893.[3] [4][5]

I 1884 behandlar skulestyret ei sak kor krinsen flytter lokale for skulen frå Gjert Hage på Øyna til Ole Andersen på Råheim. Ole Andersen forplikta seg til å levere lokale til skulen dei neste tre åra - "paa de gamle Betingelser".[6].

Råheim (1905 - )

Skulestaden på Råheim er omtala som "krinsstue" i skuleprotokollene også før 1905, men i 1905 vart det bygd eit nytt skulehus på Råhåheim.

I 1966 vart det rettssak mellom Gaular kommune og eigar av bruket skulehustomta vart skilt ut ifrå, om tomta skulle tilbakeførast til bruket no som skulehuset ikkje lenger var i bruk og borna gjekk på skule i Viksdalen. Kommunen tapte og vart dømd til å ta vekk skulehuset frå tomta.[7]

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Hage Gjert Johannessen 1837 Råheim, Viksdalen (Viken), Øvrebotnen + "dei flese skulane i Gaular [8] seinast 1868 (truleg ca. 1858) 1888 (*) Finnast ved signatur i skuleprotkoll i 1868-69.[9] (*)Truleg den G. Hage som iflg. skulestyrets møtebok pensjonerast i 1888 etter 30 års arbeide i skulen.[10]
Gjertland Andreas Råheim og Øvrebotten 1885 1887
Foss Mads Råheim og Øvrebotten 1887 (?)
Budal Laurens Andreas Råheim og Øvrebotten 1912 Uklart om han tok posten.[11]
Tjønneland Knut 1. juli 1895 Råheim, Eldal (seinast 1934) Volda lærarskule (1919), Askov høskule, Danmark (1920-1921), Noregs lærarhøgskule (1926-1927) Tidlegare lærar i Eldal krins.
Haaland Inga Råheim 1921 [12]

På 1890-talet og starten av 1900-talet delte Råheim lærar med Øvrebotnen krins. Krinsmøtet i Øvrebotn klaga over dette til skulestyret i 1900, då dei meinte det var ulempar ved å veksle mellom læraren for Råheim og ein hjelpelærar.

Hetle-saka

Mikal Gjertsen Hetle, som var ein av dei dømde i den såkalla "Hetle-saka", var medlem i tilsynsutvalet for Råheim skulekrins. Jan Anders Timberlid skriv i Bygdbok for Gaular band 3 at Hetle kom på kant med misjonsfolket i bygda mellom anna i samband med at lærar Anders Gjerland like før jul i 1886 vart skulda for å ha "leget kjæreste" og "søgt seng" med ei ukonfirmert jente.[13]. Timberlid skriv at det var sterke krefter i indremisjonsmiljøet som ønska lærar Gjertland bort, men at Mikal Hetle ikkje ville vitne mot Gjertland. Etter Gjertland vart avsett, vart Mads Foss ny lærar. Han kom også i krangel med misjonsfolket, fordi dei ikkje vaska etter seg når skulehuset var brukt til misjonsmøte. Som oppsynsmann for skulen nekta Mikal Hetle dei å bruke skulehuset til møter etter klagar frå lærar Foss. Timberlid peikar på desse to sakane som noko av det som, saman med eigedomskonflikar i bygda, la grunnlaget for det seinare justismordet mot Mikal Hetle.[14]

Foto

Råheim, Gaular, Sogn og Fjordane. Oppslag om kretsmøte om skoletomt. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Norsk Lærarlag
Foto: Johan Sciong/Norsk Folkemuseum/Digitalt museum

Fotnotar

  1. Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  2. Møtebok for tilsynsutvalet ved Råheim krins, 1890-1918
  3. Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  4. Skuleprotokoll for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1878-1889. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  5. Skuleprotokoll for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1890-1917. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  6. Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902. Side 137-138.
  7. Firda 1966.03.01. 19660301. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1998. Digital versjonNettbiblioteket, side 479.
  9. Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  10. Møtebok for skulestyret i Gaular, 1884-1904
  11. Skolebladet. no. 1912. Digital versjonNettbiblioteket.
  12. Skolebladet. no. 1921. Digital versjonNettbiblioteket.
  13. Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902. Side 13.
  14. Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902
  • Møtebok for tilsynsutvalet ved Råheim krins, 1890-1918
  • Protokoll over undervisningspliktige born for Hestad krins, Øvrebotten krins og Vasstrand krins, 1892-1906. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Protokoll over undervisningspliktige born for Råheim krins, Vasstrand krins og Øvrebotten krins, 1893-1924. Digitalarkivet.no på Digitalarkivet.no.
  • Avgangsvitnesbyrd for Råheim skule, Vasstrand skule og Øvrebotten skule, 1892-1951. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Hovudbok for Råheim skule, 1918-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Hovudbok for Råheim skule, 1951-1953. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1878-1889. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1890-1917. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1872-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1878-1897. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1897-1945. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Råheim skule, 1945-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.358043° N 6.185089° Ø