Råheim krins
Råheim krins låg i Gaular kommune i Sunnfjord. Krinsen besto siste halvdel av 1800-talet av gardane Vallestad, Øyna, Råheim, Tuftene og Hetla.[1][2]
Råheim krins vart slegen saman med nabokrinsane Mjell, Viksdalen, Øvreboten og Eldal i 1962, då den nye sentralskulen i Viksdalen opna.
Skulehus
Råheim og Øyna ( - 1904)
Mellom 1868 og 1905 oppgir skuleprotkollane at skulen vart held hos fleire ulike personar på Råheim - det er uklart om det er snakk om ein skulestad med ei rekke forskjellige eigarar, eller mange ulike skulestader: Gjert Olsen Raaheim (i 1868), Beret Gjertsen Raaheim (1869), Andreas Hansen Raaheim (1869, 1872), enken Maline Olsdatter Raaheim (1873-1875), Mikal Olsen Raaheim (1877-1882), Ole Andersen Raaheim (1884-1893).
Det er også vert held skule på garden Øyna (Øen), kor Mikal Gjertsen Øen (i 1876), Gjert Hage (1882-1891), Hans Ragnaldsen (1886) og Gjert Johannessen (1887) er oppgitt som eigarar av skulestad i skuleprotokollene. Skulen ser ut til å ha veksla mellom å ha tilhald på Råheim og Øyna fram til kring 1893.[3] [4][5]
I 1884 behandlar skulestyret ei sak kor krinsen flytter lokale for skulen frå Gjert Hage på Øyna til Ole Andersen på Råheim. Ole Andersen forplikta seg til å levere lokale til skulen dei neste tre åra - "paa de gamle Betingelser".[6].
Råheim (1905 - )
Skulestaden på Råheim er omtala som "krinsstue" i skuleprotokollene også før 1905, men i 1905 vart det bygd eit nytt skulehus på Råhåheim.
I 1966 vart det rettssak mellom Gaular kommune og eigar av bruket skulehustomta vart skilt ut ifrå, om tomta skulle tilbakeførast til bruket no som skulehuset ikkje lenger var i bruk og borna gjekk på skule i Viksdalen. Kommunen tapte og vart dømd til å ta vekk skulehuset frå tomta.[7]
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Hage | Gjert Johannessen | 1837 | Råheim, Viksdalen (Viken), Øvrebotnen + "dei flese skulane i Gaular [8] | seinast 1868 (truleg ca. 1858) | 1888 (*) | Finnast ved signatur i skuleprotkoll i 1868-69.[9] (*)Truleg den G. Hage som iflg. skulestyrets møtebok pensjonerast i 1888 etter 30 års arbeide i skulen.[10] | |
Gjertland | Andreas | Råheim og Øvrebotten | 1885 | 1887 | |||
Foss | Mads | Råheim og Øvrebotten | 1887 (?) | ||||
Budal | Laurens Andreas | Råheim og Øvrebotten | 1912 | Uklart om han tok posten.[11] | |||
Tjønneland | Knut | 1. juli 1895 | Råheim, Eldal | (seinast 1934) | Volda lærarskule (1919), Askov høskule, Danmark (1920-1921), Noregs lærarhøgskule (1926-1927) | Tidlegare lærar i Eldal krins. | |
Haaland | Inga | Råheim | 1921 | [12] |
På 1890-talet og starten av 1900-talet delte Råheim lærar med Øvrebotnen krins. Krinsmøtet i Øvrebotn klaga over dette til skulestyret i 1900, då dei meinte det var ulempar ved å veksle mellom læraren for Råheim og ein hjelpelærar.
Hetle-saka
Mikal Gjertsen Hetle, som var ein av dei dømde i den såkalla "Hetle-saka", var medlem i tilsynsutvalet for Råheim skulekrins. Jan Anders Timberlid skriv i Bygdbok for Gaular band 3 at Hetle kom på kant med misjonsfolket i bygda mellom anna i samband med at lærar Anders Gjerland like før jul i 1886 vart skulda for å ha "leget kjæreste" og "søgt seng" med ei ukonfirmert jente.[13]. Timberlid skriv at det var sterke krefter i indremisjonsmiljøet som ønska lærar Gjertland bort, men at Mikal Hetle ikkje ville vitne mot Gjertland. Etter Gjertland vart avsett, vart Mads Foss ny lærar. Han kom også i krangel med misjonsfolket, fordi dei ikkje vaska etter seg når skulehuset var brukt til misjonsmøte. Som oppsynsmann for skulen nekta Mikal Hetle dei å bruke skulehuset til møter etter klagar frå lærar Foss. Timberlid peikar på desse to sakane som noko av det som, saman med eigedomskonflikar i bygda, la grunnlaget for det seinare justismordet mot Mikal Hetle.[14]
Foto
Fotnotar
- ↑ Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- ↑ Møtebok for tilsynsutvalet ved Råheim krins, 1890-1918
- ↑ Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- ↑ Skuleprotokoll for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1878-1889. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- ↑ Skuleprotokoll for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1890-1917. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- ↑ Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902. Side 137-138.
- ↑ Firda 1966.03.01. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1998. Digital versjon på Nettbiblioteket, side 479.
- ↑ Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gaular, 1884-1904
- ↑ Skolebladet. no. 1912. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Skolebladet. no. 1921. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902. Side 13.
- ↑ Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1995. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Timberlid, Jan Anders (1995) Bygdebok for Gaular band 3: Gaular 1865-1990 - Samarbeid og motsetningar. – [Gaular sogenemnd]. ISBN 8299453844.
- Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1998. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902
- Møtebok for tilsynsutvalet ved Råheim krins, 1890-1918
- Protokoll over undervisningspliktige born for Hestad krins, Øvrebotten krins og Vasstrand krins, 1892-1906. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Protokoll over undervisningspliktige born for Råheim krins, Vasstrand krins og Øvrebotten krins, 1893-1924. Digitalarkivet.no på Digitalarkivet.no.
- Avgangsvitnesbyrd for Råheim skule, Vasstrand skule og Øvrebotten skule, 1892-1951. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Hovudbok for Råheim skule, 1918-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Hovudbok for Råheim skule, 1951-1953. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1878-1889. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1890-1917. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1872-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1878-1897. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1897-1945. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Råheim skule, 1945-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Firda 1966.03.01. Digital versjon på Nettbiblioteket.