Råheim krins
Råheim krins låg i Gaular kommune i Sunnfjord. Råheim krins vart slegen saman med nabokrinsane i 1962, då den nye sentralskulen i Viksdalen opna.
Skulehus
Skulehuset på Råheim vart bygd i 1905.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Gjertland | Andreas | Råheim og Øvrebotten | 1885 | 1887 | |||
Foss | Mads | Råheim og Øvrebotten |
Hetle-saka
Mikal Gjertsen Hetle, som var ein av dei utsett for justismord i den såkalla "Hetle-saka", var medlem i tilsynsutvalet for Råheim skulekrins. Jan Anders Timberlid skriv i Bygdbok for Gaular band 3 at Hetle kom på kant med misjonsfolket i bygda mellom anna i samband med at lærar Anders Gjerland like før jul i 1886 vart skulda for å ha "leget kjæreste" og "søgt seng med" ei ukonfirmert jente.[1]. Timberlid skriv at det var sterke krefter i indremisjonsmiljøet som ønska lærar Gjertland bort, men at Mikal Hetle ikkje ville vitne mot Gjertland. Etter Gjertland vart avsett, vart Mads Foss ny lærar. Han kom også i krangel med misjonsfolket, fordi dei ikkje vaska etter seg når skulehuset var brukt til misjonsmøte. Som oppsynsmann for skulen nekta Mikal Hetle dei å bruke skulehuset til møter etter klagar frå lærar Foss. Timberlid peikar på desse to sakane som noko av det som, saman med eigedomskonflikar i bygda, la grunnlaget for det seinare justismordet mot Mikal Hetle.[2]
Foto
Fotnotar
- ↑ Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902. Side 13.
- ↑ Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1995. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Timberlid, Jan Anders (1995) Bygdebok for Gaular band 3: Gaular 1865-1990 - Samarbeid og motsetningar. – [Gaular sogenemnd]. ISBN 8299453844.
- Møtebok for tilsynsutvalet ved Råheim krins, 1890-1918
- Protokoll over undervisningspliktige born for Hestad krins, Øvrebotten krins og Vasstrand krins, 1892-1906. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Protokoll over undervisningspliktige born for Råheim krins, Vasstrand krins og Øvrebotten krins, 1893-1924. Digitalarkivet.no på Digitalarkivet.no.
- Avgangsvitnesbyrd for Råheim skule, Vasstrand skule og Øvrebotten skule, 1892-1951. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Hovudbok for Råheim skule, 1918-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Hovudbok for Råheim skule, 1951-1953. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1878-1889. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1890-1917. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1872-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1878-1897. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1897-1945. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Råheim skule, 1945-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.