Råheim krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå fylkesatlas.no
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Råheim krins låg i Gaular kommune i Sunnfjord. Krinsen besto siste halvdel av 1800-talet av gardane Vallestad, Øyna, Råheim, Tuftene og Hetla.[1][2]

Råheim krins vart slegen saman med nabokrinsane Mjell, Viksdalen, Øvreboten og Eldal i 1962, då den nye sentralskulen i Viksdalen opna.

Skulehus

Råheim, Gaular, Sogn og Fjordane. Lite hvitt skolehus, rødt uthus ved sidan av. Bygget i 1905. Registrering utført 1958-59 av Johan Sciong for Norsk Lærarlag
Foto: Johan Sciong/Norsk Folkemuseum/Digitalt museum

Råheim og Øyna ( - 1904)

Mellom 1868 og 1905 oppgir skuleprotkollane at skulen vart held hos fleire ulike personar på Råheim - det er uklart om det er snakk om ein skulestad med ei rekke forskjellige eigarar, eller mange ulike skulestader: Gjert Olsen Raaheim (i 1868), Beret Gjertsen Raaheim (1869), Andreas Hansen Raaheim (1869, 1872), enken Maline Olsdatter Raaheim (1873-1875), Mikal Olsen Raaheim (1877-1882), Ole Andersen Raaheim (1884-1893).

Det er også vert held skule på garden Øyna (Øen), kor Mikal Gjertsen Øen (i 1876), Gjert Hage (1882-1891), Hans Ragnaldsen (1886) og Gjert Johannessen (1887) er oppgitt som eigarar av skulestad i skuleprotokollene. Skulen ser ut til å ha veksla mellom å ha tilhald på Råheim og Øyna fram til kring 1893.[3] [4][5]

I 1884 behandlar skulestyret ei sak kor krinsen flytter lokale for skulen frå Gjert Hage på Øyna til Ole Andersen på Råheim. Ole Andersen forplikta seg til å levere lokale til skulen dei neste tre åra - "paa de gamle Betingelser".[6].

Råheim (1905 - )

Skulestaden på Råheim er omtala som "krinsstue" i skuleprotokollene også før 1905, men i 1905 vart det bygd eit nytt skulehus på Råhåheim.

I 1966 vart det rettssak mellom Gaular kommune og eigar av bruket skulehustomta vart skilt ut ifrå, om tomta skulle tilbakeførast til bruket no som skulehuset ikkje lenger var i bruk og borna gjekk på skule i Viksdalen. Kommunen tapte og vart dømd til å ta vekk skulehuset frå tomta.[7]

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Gjertland Andreas Råheim og Øvrebotten 1885 1887
Foss Mads Råheim og Øvrebotten
Budal Laurens Andreas Råheim og Øvrebotten 1912 Uklart om han tok posten.[8]
Haaland Inga Råheim 1921 [9]

På 1890-talet og starten av 1900-talet delte Råheim lærar med Øvrebotnen krins. Krinsmøtet i Øvrebotn klaga over dette til skulestyret i 1900, då dei meinte det var ulempar ved å veksle mellom læraren for Råheim og ein hjelpelærar.

Hetle-saka

Mikal Gjertsen Hetle, som var ein av dei dømde i den såkalla "Hetle-saka", var medlem i tilsynsutvalet for Råheim skulekrins. Jan Anders Timberlid skriv i Bygdbok for Gaular band 3 at Hetle kom på kant med misjonsfolket i bygda mellom anna i samband med at lærar Anders Gjerland like før jul i 1886 vart skulda for å ha "leget kjæreste" og "søgt seng" med ei ukonfirmert jente.[10]. Timberlid skriv at det var sterke krefter i indremisjonsmiljøet som ønska lærar Gjertland bort, men at Mikal Hetle ikkje ville vitne mot Gjertland. Etter Gjertland vart avsett, vart Mads Foss ny lærar. Han kom også i krangel med misjonsfolket, fordi dei ikkje vaska etter seg når skulehuset var brukt til misjonsmøte. Som oppsynsmann for skulen nekta Mikal Hetle dei å bruke skulehuset til møter etter klagar frå lærar Foss. Timberlid peikar på desse to sakane som noko av det som, saman med eigedomskonflikar i bygda, la grunnlaget for det seinare justismordet mot Mikal Hetle.[11]

Foto

Råheim, Gaular, Sogn og Fjordane. Oppslag om kretsmøte om skoletomt. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Norsk Lærarlag
Foto: Johan Sciong/Norsk Folkemuseum/Digitalt museum

Fotnotar

  1. Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  2. Møtebok for tilsynsutvalet ved Råheim krins, 1890-1918
  3. Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  4. Skuleprotokoll for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1878-1889. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  5. Skuleprotokoll for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1890-1917. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  6. Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902. Side 137-138.
  7. Firda 1966.03.01. 19660301. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Skolebladet. no. 1912. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. Skolebladet. no. 1921. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902. Side 13.
  11. Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Utg. [Gaular sogenemnd]. xx. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Møtebok for Skulestyret i Gaular, 1884-1902
  • Møtebok for tilsynsutvalet ved Råheim krins, 1890-1918
  • Protokoll over undervisningspliktige born for Hestad krins, Øvrebotten krins og Vasstrand krins, 1892-1906. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Protokoll over undervisningspliktige born for Råheim krins, Vasstrand krins og Øvrebotten krins, 1893-1924. Digitalarkivet.no på Digitalarkivet.no.
  • Avgangsvitnesbyrd for Råheim skule, Vasstrand skule og Øvrebotten skule, 1892-1951. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Hovudbok for Råheim skule, 1918-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Hovudbok for Råheim skule, 1951-1953. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1868-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1878-1889. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1890-1917. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Viken skule, Råheim skule og Øvrebotten skule, 1872-1877. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Råheim skule, Øvrebotten skule og Vasstrand skule, 1878-1897. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Råheim skule og Øvrebotten skule, 1897-1945. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Råheim skule, 1945-1962. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.358043° N 6.185089° Ø