Randi Solem: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 11: Linje 11:
== Haugianar ==
== Haugianar ==
Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauges besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.

== Mangfaldig verksemd og skiftande bustader ==
Ektemannen Arnt Solem hadde slått seg opp som næringsdrivande [[Borgerskap|borgar]] i Trondheim, og familien blir karakterisert som velståande, ja rik.  Dei hadde forretningsgård (og bustad?) blant det høgaste handelsborgarskapet i [[Søgaden (Trondheim)|Søgaden]] ([[Kjøpmannsgata (Trondheim)|Kjøpmannsgata]]). Blant fleire store eigedomar åtte dei garden Vestre Moholt i Strinda, der dei innreidde kjøkkenet til forsamlingslokale som kunne romme 100 menneske, og som vart ein sentral møteplass for haugianske oppbyggingar. Dei selde Moholt i 1822 til ein annan framståande haugianar, [[Iver Iversen]].
I 1824 selde Arnt Solem verksemdene sine der og flytta med familien  til Christiania. Som i Trondheim dreiv han utstrekt produksjons- og handelsverksemd. Dei budde fyrst i ein gård som dei bygde på ei branntomt i Kongensgate, men flytta seinare til Sandaker, der heimen deira gjennom 1830-åra  vart møtestad for haugianarar og andre åndeleg interesserte.
I 1840 flytta familien Solem attende til Trøndelag, der dei budde ulike stader i nærleiken av Trondheim, mest på garden Øvre Stavne i Strinda, som sonen Fredrik kjøpte same året dei kom attende til Trøndelag. Randi og Arnt Solem fekk skilt ut parsellen Breidablikk, der dei båe enda sine dagar.

Sideversjonen fra 23. sep. 2018 kl. 05:49

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!

Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen, var ho kjend som Randi Løvaas.

Bakgrunn og familie

Ho var fødd på garden Lauvåsen i Tiller. Fødselsdatoen er uviss, men ho vart boren til dåpen 18. februar 1776. Foreldra var gardbrukarparet Anders Halvorsen Løvaas (fødd ca. 1730) og Maren Larsdotter Forsæt (fødd ca. 1744). Randi hadde ei litt yngre syster, Berthe, som også vart ein kjend haugiansk forkynnar.

Randi Andersdotter Løvaas gifta seg den 25. mai 1797 med soldaten Haagen Erichsen Nideng. Dei fekk sonen Haagen, døypt 8. april 1798. Ektemannen døydde litt før guten deira vart fødd. Som enkje vart Randi verande på Lauvåsen i tre-fire år. I folketeljinga 1801 er ho registrert som innerst hjå foreldra, og livnærde seg sjølv og barnet ved spinning og veving. Det same året drog ho til Bergen for å arbeide som bokbindarassistent ved Hans Nielsen Hauges verksemd der.

Den 9. juli 1805 gifta Randi seg i Trondheim med haugianaren og forretningsmannen Arnt Bjørnson Solem frå Klæbu (1777-1857). Som Randi kom også han av bondestand. Han byrja karrieren sin i Trondheim som snikkar. Ekteparet fekk fleire born, men det vart berre sonen Fredrik som voks opp.

Haugianar

Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauges besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.

Mangfaldig verksemd og skiftande bustader

Ektemannen Arnt Solem hadde slått seg opp som næringsdrivande borgar i Trondheim, og familien blir karakterisert som velståande, ja rik. Dei hadde forretningsgård (og bustad?) blant det høgaste handelsborgarskapet i Søgaden (Kjøpmannsgata). Blant fleire store eigedomar åtte dei garden Vestre Moholt i Strinda, der dei innreidde kjøkkenet til forsamlingslokale som kunne romme 100 menneske, og som vart ein sentral møteplass for haugianske oppbyggingar. Dei selde Moholt i 1822 til ein annan framståande haugianar, Iver Iversen.