Rasmus Løland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. feb. 2017 kl. 14:15 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Løland (fødd 24. mai 1861 i Suldal, død 12. oktober 1907 i Asker) var forfattar og målmann. Mest er han kjend som barnebokforfattar, og som ein fornyar av den sjangeren. Også som organisasjons- og bladmann innan norskdomsrørsla gjorde han seg mykje gjeldande. Han var ein av dei sentrale landsmålsstrategane som tilhøyrde den såkalla Askerkretsen rundt førre århundreskiftet.

Bakgrunn og familie

Rasmus Løland var bondeson, fødd og oppvaksen på garden Løland i Sand i nåverande Suldal kommune. Foreldra var gardbrukarparet Lars Larsson Løland (1816–1888) og Barbro Torkelsdotter Søndenå (1825–1890). Etter tid og stad og stand vart familien rekna som velhalden. Det var etter Rasmus Lølands eiga framstilling også ein nokså strengt religiøs heim. E. B. Drange kallar farens religiøse orientering for seinhaugiansk. Samstundes var det ein lesande og politisk interessert, venstreliberalt orientert familie.[1]

Rasmus Løland levde ugift heile livet.

Heilt frå barndomen av var Løland nokså svakhelsa, mellom anna med hjartefeil og nerveproblem. Han budde heime på garden til i vaksen alder, til han flytta til Bergen som trettiåring i 1892. Han reiste til til Kristiania tre år seinare, og vart buande der fast frå 1897.

Heime hadde hjelpt broren Lars med gardsdrifta, men tungt kroppsarbeid tåla Rasmus dårleg, så han skøytte heller på inntektene med å lage sopelimar og tiner og slikt noko. Da broren hadde overteke garden etter foreldra, vart det avtala at Rasmus skulle «kome på folga», dvs. ha underhald av garden så lenge han levde. Dei rekna ikkje med at han kom til å bli i stand til å forsørgje seg sjølv. Dette var nok bakgrunnen for at han i lokalmiljøet gjekk under tilnamnet Tussen.[2]

Etter allmugeskulen gjekk Rasmus amtskulen på Sand vinteren 1877-1878, der han vart sterkt påverka av læraren og målmannen Torkell Mauland.

Forfattarskapet

Da han flytta til Kristiania i 1895, var Løland alt ein etablert og særs produktiv forfattar. Dei fyrste forteljingane hans hadde kome på prent i 1888, og i 1891 gav Mons Litleré ut den fyrste boka frå Lølands hand, Folkeliv. I 1892 kom heile tre bøker: Skuld og barnebøkene Ungar og Paa sjølvstyr. Året etter kom Skattegravaren, og i 1894 Kor vart det av jola? (barnebok). Alt i alt gav han ut om lag 30 bøker, i tillegg til ei lang rekkje artiklar og forteljingar i blad.

Norskdomsstrategen

Referansar

  1. Drange, E. B. i Allkunne.
  2. Fidjestøl, A. 2014:75.

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Artikkel om Rasmus Løland på Allkunne Artikkelen sist oppdatert: 29.04.2013, lesen 23.2.2017.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!