Romsdaling

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål og romsdalsdialekt, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mange fellestrekk med trøndsk, slik som tjukk l (berre av historisk l), apokope av fleirstavingsendingar (hęstann, skåłinn). Samtidig har han eit klårt fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e (å vare, å éte, å kome, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse).

Mal:Q