Romsdaling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå «Romsdalingar».

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mykje felles med trøndsk, nordaustlandsk og sørleg nordnorsk i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstaņņ, skåłiņņ); og dessutan i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęmm víso). I ordskatten heng romsdaling i alt vesentleg saman med trøndsk.[1] Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)). Frå nabodialekten nordmøring skil romsdaling seg særleg ut ved hyppig svekking av -a (og stundom -o) til -e, ved lange former i historiske -ja-infinitivar og ved fleire regelrette presensformer (gjęng, stęnn) der nordmøring (og eikesdaling og moldedialekt) har nyare former (går, står).

Om skrivemåten her

Skrivemåten er i utgangspunktet etymologisk, med diakritiske teikn (aksent over, kvist under) og ekstrabokstavar for å markere uttale. Lange, tronge vokalar er markerte med akutt aksent (fór, hús). Aksentar tyder ikkje nødvendigvis at vokalen har hovudtrykket i ordet. Opna vokalar er markerte med kvist under (hęst, stǫkk). I fall der opninga av o varierer, står vokalen umarkert: veko. Tjukk l er markert med skråstrek gjennom: ł. Palataliserte dentalar er markerte med komma under: båtaņņ, baļļ. For å markere samantrekt ei og øy blir det skrive æ (for ei) og ö (for øy). Mange stader er det samanfall mellom æ og ö så vel som mellom í og ý.

Bratt tonelag (tonem 1, inkludert i ord med stavingsberande konsonant (bí’ln, brí’sn); og i Eikesdalen kanskje cirkumfleks) blir markert med ein apostrof rett etter den trykksterke vokalen. I alle andre fall blir ord med meir enn ei staving uttala med flatt tonelag (tonem 2): bíla, vare, váre, grísn.

Klassifikasjon

Konvensjonelt har romsdaling vorte klassifisert som nordvestlandske e-mål dei siste hundre åra, men går ein nøyare inn på målmerka og ordskatten, så viser det seg snart at dette gjev eit lite presist totalinntrykk av dialekten. Romsdalsdialekten står i ei mellomstilling mellom dei andre nordvestlandske e-måla, trøndsk og midlandsmål — noko som òg passar godt med den geografiske plasseringa mellom desse.

Trøndske trekk

Utjamning

Det finst nokre få ord i romsdalsdialekten som tyder på tidlegare jamvektsmål med utjamning. Ordet vare (‘vera’; Eikesdalen: vara som på Nordmøre) er eit slikt ord. I det fallet er det likevel muleg at posisjonen mellom v og r kan ha spela inn, og former som å vara og å va blir bruka langt utanom utjamningsområdet, inkludert i helgelending og sporadisk i saltværing. Eit klårare eksempel er ordet bare (‘bora’),[2] som heng saman med den nordmørske forma bara.

Midlandske trekk

Bevart kortstaving i ord med kort rotvokal + kort konsonant er framleis ganske utbreidd i Romsdalen. Dette trekket finst òg på deler av Nordmøre, men er mykje meir konsekvent halde på i nordenden av Gudbrandsdalen. Mangel av palatalisering ved historisk nd (ónnde (‘under’), venn (‘vind’), stønn (‘stund’)) er svært vanleg, særleg i indre strøk (og dessutan i SunndalenNordmøre).

Den ikkje-palatale endingskonsonanten i dativ eintal og bunden form fleirtal av svake hokjønnsord i det meste av Romsdalen ser vi òg delvis i Nord-Gudbrandsdalen (vísun ~ vísøn ~ vísøyņņ). Overgangen frå u, truleg via ø, til e samsvarar bra med øvrig hyppig senking av historisk korte vokalar føre ikkje-palatale konsonantar i romsdalsdialekten (venn (‘vind’), stønn ~ stónn (‘stund’)) og bør dermed truleg sjåast som ein felles tendens med Gudbrandsdalen heller som samsvar med dei meir fonologisk ulike formene i sunnmørsdialekten (vísiņņe ~ víseņņe).

Nordvestlandske trekk

Dei nordvestlandske trekka i romsdalsdialekten er først og fremst trekk som er felles med sunnmøring. Trekka det dreier seg om er først og fremst gjennomført e-ending i infinitiv (å kom(m)e, å éte, å hæte) og i ubunden form av svake hokjønnsord (ei veke, ei víse). Eit anna nordvestlandsk trekk kjenner vi att i sporadisk runding av a føre ng i enkelte ord (monge ~ mange (‘mange’)). Andre enkeltord som er felles med vestnorsk inkluderer (‘da’) og presensformer som gjęng (‘går’), stęnn (‘står’) og fłér (‘flår’).

Fonologi

Morfologi

Pronomen

Personlege pronomen

Det mest kjente trekket ved dei personlege pronomena i romsdalsdialekten er 1. person eintal nominativ i ('eg') — ei form som òg er vanleg i Lesja i Gudbrandsdalen og i Sunndalen, Eide og delvis på AverøyaNordmøre. Eit anna generelt kjenneteikn er forma ('dei') i 3. person fleirtal nominativ, akkusativ og dativ — noko som viser fellesskap med sunnmørsk dęi, men står i motsetnad til nordmørsk dęm og gudbrandsdalsmål døm.

I første person fleirtal nominativ blir forma ('vi') bruka dei fleste stadene. På Hustad blir forma bruka, som på det meste av Nordmøre, medan ås blir noko bruka øvst i Raumadalen.

Substantiv

Hannkjønnsord

Eintal

Fleirtal

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

 

n./a.

dativ

 

n./a.

dativ

båt

bå’tn

bå’ta

båta

båtaņņ

båtǫ

labb

la’bben

la’bba

labba

labbaņņ

labbǫ

stǫkk

stǫ’kkjiņņ
(stǫ’kkjen)

stǫ’kkja

stǫkka

stǫkkaņņ

stǫkkǫ

grís

grí’sn

grí’sa

gríse

grísiņņ
(grísn)

grísǫ

Sterke hannkjønnsord

Hovudregelen er at sterke hannkjønnsord får a-ending i ubestemt fleirtal. Eintalsformene varierer etter utlyden i grunnordet: Ord med dentalutlyd får -n (bå’tn, gú’tn, pła’ssn); ord med labialutlyd får -en og ord med velar utlyd får -ʲiņņ i akkusativ/dativ eintal (stǫ’kkjiņņ, ve’ddjiņņ, ve’ngjiņņ) og -ʲa i dativ (stǫ’kkja, ve’ddja, ve’ngja).

Eit mindre tal sterke hannkjønnsord får -e i ubestemt fleirtal og -iņņ (Sandøy -en) i bestemt fleirtal (gríse, grísiņņ (grísn); veddje, veddjiņņ).

Svake hannkjønnsord


Hokjønnsord

Eintal

Fleirtal

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

 

n./a.

dativ

 

n./a.

dativ

sół

só’ła

só’łn

sółe

sółiņņ (só`łn)

sółǫ

sag

sa’gja

sa’gjiņņ

sagje

sagjiņņ

sag(j)ǫ

kjęring

kjęrinja

kjęrinjiņņ

kjęringa

kjęringaņņ

kjęringǫ

veke

vekå

veken

veko (vekú, veke)

veken

vekǫ

Merk at ubestemt fleirtal av svake hokjønnsord har -e i sørvest (Sandøy, mesteparten av Midsund og vestdelen av Vestnes), i Eikesdalen og oppi Romsdalen og -o/-å elles, der å-uttalen er typisk for ytre mål og for nyare dialekt i midtre strøk.


Nøytrumsord

Verb

Geografisk variasjon

Eikesdalen

Dialekten i Eikesdalen er typisk for romsdalsdialekten på mange vis, men har ein del arkaiske trekk. Såleis er det framleis a-infinitiv med kort eller forlengd vokal i ein del verb med historisk kort rotstaving i eldre dialekt (å vęta, å lęsa, å søva, å fara, å gręva) så vel som i ein del enkeltverb med historisk langstaving der nordmøring òg har a-infinitiv (å æga, å ligja), og infinitivar med historisk -ja har tradisjonelt apokope på trøndsk vis (å sæ, å fęrtę:ł, å lęgg, å spǿr, å smǿr). Apokope på trøndsk vis er det òg i infinitivane å gję:r, å lęt. Merk likevel at verb av kaste-typen allveg får -e i infinitiv: å spęle, å bore.

Apokope er mykje gjennomført i komparativ av adjektiv i eldre dialekt: fínar, ęnklar, stǿr.

Som i nordmøring er velare konsonantar behaldne i dativ eintal og fleirtal av svake hannkjønnsord (hagå, skuggå, bakkå). I eldre dialekt er den ubundne fleirtalsendinga i svake hokjønnsord (många bøttú, många vekú) som øvst i sjølve Raumadalen og i deler av Gudbrandsdalen, men i etterkrigsgenerasjonen er denne endinga utskifta med -e (månge bøtte, månge veke).

Der andre romsdalsmål har adjektivendinga -ete (rótete), har eikesdalsdialekten tradisjonelt den trøndske endinga -ott (rótott, kłęppott).

I pronomena følgjer Eikesdalen hovudsakleg romsdaling elles, og det heter í šló mé (som elles i Romsdal og dessutan i Sunndalen og Lesja) og mé šló oss (som elles i Romsdal) heller enn é šló mé (som i Øksendalen) og oss šló oss (som i Lesja og Sunndalen) eller ví šló oss (som i Øksendalen, på Eidsøra og elles på det meste av Nordmøre).

Lenger ut langsmed Eikesdalsvatnet er dialekten meir lik vanleg romsdaling, inkludert ubunde fleirtal vekó med trong o-uttale. Den kløyvde infinitiven blir likevel noko bruka der òg.

Hustad, Fræna og Bud

Sandøy

Molde bymål

Moldedialekt er eit typisk distriktsbymål med visse grunntrekk felles med romsdaling allment, men med ei generell forenkling av systemet. Mange av trekka er felles med kristiansundsdialekten og med meir eller mindre påverknad frå landsdelssentrumet Trondheim — slik som dęm (felles med Krs. og Trh.) for ‘dei’ (romsdalsk ), dæmmers (felles med Trh.) for ‘deira’ (romsdalsk dæra) og forenklinga av substantivbøyinga til -a/-an i fleirtal av mesta alle hann- og hokjønnsord (felles med Trh.).

Dativ manglar heilt.

Det er lite palatalisering av velarar i innlyd, nesten berre i orda ikkje, mykkje og bikkje.

Diftongane ei/øy/au er i hovudsak bevarte, tydelege og ikkje monoftongiserte (éi héil øy mé lęuse stéina (ei heil øy med lause steinar)). Men blant anna desse orda har derimot klar monoftong med ǿ: hǿre, hørsel, kjǿre; drømme, drømm, strømme strømm, glømme, glømsel (evt. glęmme, glęmsel), gjømme, gjømsel (evt. gjęmme, gjęmsel), trøtt (evt. trętt) og lǿk.

Alle hokjønnsord har -a i bunden form eintal, og både hannkjønn og hokjønn har i hovudsak endinga -a i ubunden form fleirtal og -an i bunden form fleirtal: mange sęua, aļļe sęuan,

Alle sterke verb med éi staving i infinitiv får «halvsvak» bøying, som i gjí - gjír - gá(v) - gjitt, lá - lár - lót - latt eller tá - tár - tók - tatt. Sterke verb med fleire stavingar i grunnforma får derimot oftast sterk bøying: kǫmme - kjęmm - kǫmm - har kǫmme, fęre (fare) - fęr (fer) - fór - har fóre, sǫve - sǿv - sǫv - har sǫve, fłýge - fłýg - fłęug - har fłǿge (fłòge).

I Molde seier dei også da der romsdalske bygdemål har .

Vidare er det skilnader i dei personlege pronomena i fleirtal. Der det meste av romsdaling elles har , har moldedialekten . I andre person fleirtal har bygdemåla , dǫkkǫ og dǫkkǫ sin i høvesvis subjekts-, objekts- og eigeform. I Molde seier dei dǫkker, dǫkker og dǫkkers. I tredje person fleirtal heiter det i Molde dęmm, dęmm og dęmmers for bygdemåla sine former (dei), (dei) og dæra (deira).

Å bli blir i Molde bøyd błí - błír - błéi - błitt, mens bygdemåla varierer mellom slik bøying (men med monoftongisering av éi til æ i błæ) og kløyvd bøying (błí - błí - vart - vǫrte).

Fotnotar

  1. Kart nr. 15 i Bandle, Oskar: «Nordisk dialektografi : problem og metoder», i Mot-Skrift 1984, nr. 2.
  2. “Kva du vell mæ navar? I vell bare slē`e.” (Rypdal 1929, s. 48.)

Litteratur og kjelder

  • Austigard, Liv Dagrun Gjelsvik: Eikesdalen : eit marginalt språksamfunn. Hovudoppgåve, Univ. i Trondheim, 1995.
  • Grøtta, Oddbjørn: Isfjordsdialekten : ordliste samt omriss av grammatikk og fonetisk særpreg. [Sørumsand] : Tempus Media, 2005.
  • Rypdal, Hans: Romsdalsmål (Tresfjorden) : formlæra. (Norske målføre : X.) Oslo (i kommisjon hjå Olaf Norli), 1929.
  • Sandøy, Helge: Romsdalsmålet : skisse til ein grammatikk. Bergen, 1982.