Samiske språk: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
|||
Linje 18: | Linje 18: | ||
[[kategori:samiske språk| ]] | [[kategori:samiske språk| ]] | ||
[[kategori: | [[kategori:samisk historie og kultur|Språk]] | ||
[[kategori:språk]] | [[kategori:språk]] | ||
{{f0}} | {{f0}} | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 14. mar. 2017 kl. 17:25
Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk og skoltesamisk er lokalt utdøydd som morsmål, men revitalisering i nokon grad er aktuelt. Umesamisk er heilt utdøydd i Norge. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige.
Inndeling
Historie
Det samiske forvaltningsområdet
Bibliografi
Fotnotar
Kjelder
|