Sara Oust

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. okt. 2018 kl. 19:30 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Bilete)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Mal:Thumb høyre Sara Embretsdotter Oust (fødd i Vingelen i Tolga 15. mars 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein kjend haugiansk lekpredikant og leiarskikkelse i Nord-Østerdalen og Sør-Trøndelag. Etternamnet blir somme stader skrive Ousten.

Bakgrunn og familie

Foreldra hennar var Engebret (Embret) Engebretsson Oust (1755-1785) og Mari Persdotter Røe (ca 1745–1834). Dei var trulova (festefolk) da dei fekk Sara.[1] Engebret og Mari var gardbrukarar på Ousta (nåverande gnr. 10/33 Østre Vingelen). Sara hadde ei to år yngre syster, Ingrid (1782-1852). Faren døydde da jentene var sju og tre år gamle. Det var ikkje lett for enkja å drive garden aleine, og som det heiter i bygdeboka: «Dei to unge døtrene fekk tidleg røyne seg på karsida, og båe to var ofte med ute i ferdesvegen».[2] Da systrene vart store nok til det, måtte vere med på leigekøyring til koparverket på Røros.[3].

I 1789 gifta mora seg oppatt med den tjue år yngre drengen sin, Torger Persen Vetlgjelta (1765-1817).[4] I folketeljinga 1801[5] bur dei to systrene saman med mora og stefaren på eitt av dei mange gardsbruka som ber namnet «Vindgelen».

Sara Oust gifta seg den 26. juli 1805 med gardbrukar Ola Toresson Haugen (Utistuhaugen) (1776–1862) (i vigselsinnførsla i kyrkjeboka er båe oppførde med etternamnet Røe[6] Også hans foreldre var gardbrukarar i Vingelen, Tore Knutsson Haugen (1732–93) og Ingeborg Olsdotter Nyhus (1737–1822).

Sara og Ole fekk tre døtrer, Mari (1812-1813), Ingeborg (f. 1817) og Mari (1818-1881).

Mor til Sara overlet halve garden til henne og Ola, og dei to bygde opp det nye bruket Oustutrøa (Søre Vingelen, gnr. 10/32).. Mor til Sara måtte gje opp garden sin, og enda på legd.

Forkynningsverksemda

Sara skal etter tradisjonen ha blitt vakt ein gong Hauge sjølv var innom i bygda, men opplysningane om dette er usikre.[7] I alle høve byrja Sara snart å halde oppbyggingsmøte og ha samtalar og bøn rundt omkring i heimane. Etterkvart drog ho som predikant også til andre bygdelag, til Tynset, Oppdal, Gauldalen og andre stader. I Oppdal lærde ho å kjenne ei anna ung kvinne som også var vakt, Randi Hevle frå Drivdalen. Dei to reiste ein del rundt saman og forkynte. Mellom anna er det fortalt om at dei var i Ålen, der dei hadde heldig innverknad i ein heim der folket hadde skeia ut i religiøst svermeri og fanatisme og endatil sinnsjukdom.[8]

Lokalt leiaransvar

Sara Oust vart rekna som leiar for det haugianske venesamfunnet i Vingelen.[9] Det galdt ikkje berre på det åndelege plan, men også på det verdslege. Røros koparverk hadde ei gruve i Vingelen, der malmen vart frakta frå til smeltehytta på Tolga. I 1804 overtok det haugianske venesamfunnet denne gruva.[10] Hytteskrivar Irgens omtalar Sara Oust som «priorinde», og ein reknar med at Sara var sjef for verksemda.

Historisk spel om Sara Oust

Referansar

  1. Kyrkjebok for Tolga, dåpsinnførsel for Sara.
  2. Eggen, E. 1943:197
  3. Bakken, A.O.1973:14.
  4. Kyrkjebok for Tolga, vigselsinnførsel for Torger og Mari.
  5. Mal:Folketelling person
  6. Kyrkjebok for Tolga, vigselsinnførsel for Sara og Ola.
  7. Bakken, A.O. 1973:4-5.
  8. Bakken, A.O. 1973:15-16. Heggtveit, H.G. 229-230.
  9. Haukland, L. 2017, side 6 not 16 og 17.
  10. Sæter, I. 1908:17.

Kjelder og litteratur

  • Bakken, Arne O.: Haugianerne i Nord-Østerdal de første årene og lederen Sara Oust 1778-1822. Småtrykk utg. i samband med reisinga av minnesmerket over Sara Oust i Vingelen 1973.
  • Bygdebok. Vingelen. Bind 1. Utg. av Vingelen bygdeboknemnd 2006.
  • Eggen, Eystein: Vingelen. Sogeminner frå heimbygda. Normanns kunstforlag,Oslo 1943.
  • Furseth, Inger: «Kvinnenes plass i haugebevegelsen», i Dørum, K. og Sødal, H.K. (red.): Hans Nielsen Hauge. Fra samfunnsfiende til ikon. Cappelen Damm Akademisk, Oslo 2017.
  • Haukland, Linda: «Spor av haugiansk feminisme» i Lokalhistorisk magasin 2/2017.
  • Heggtveit, H.G.: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Bd. 1. Kristiania 1905-1911.
  • Sæter, Ivar: Tolgen. Alb. Cammermeyers forlag, Kristiania 1908.
  • Østigaard, Arne Dag: Artikkel om Sara Oust i Norsk biografisk leksikon.