Randi Hevle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Randi Persdotter Hevle (fødd i Drivdalen, Oppdal 18. juli 1782, død i AureNordmøre 24. desember 1844) var ein kjend haugianar i pionertida for denne rørsla. Ho var gift Grendahl, men blir i dei fleste kjelder omtala med jentenamnet Hevle.

Ho var dotter til gardbrukarparet Peder Ingebrigtsen Hevle frå Drivdalen og Mali Hansdotter frå Tynset. Randi gifta seg med haugevenen Trond Grendahl i 1811. Han var på det tidspunktet gardbrukar på garden Utheim i Kvernes ved Kristiansund. Randi hadde kome der som tenestejente. I 1822 flytta familien til Torvika i Aure.

Randi Hevle vart vakt av Hauge sjølv da han reiste gjennom Oppdal i 1801. Ho hadde talegåver og ei god songrøyst, og nytta dette til å forkynne bodskapen for sine medmenneske i heimbygda og vide omkring. Ho vart ven med den haugianske predikanten Sara Oust, og reiste ei tid saman med henne rundt omring i Sør-Trøndelag.

Kjelder og litteratur

  • Heggtveit, H.G.: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Bd. 1. Kristiania 1905-1911.