Schive

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesmerke over tre sokneprester ved namn Søren Schive ved Bjelland kyrkje i Marnardal. Ein fjerde Søren Schive var kapellan der.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Schive er ei norsk slekt med danske røter. Namnet kjem frå byen Skive på Jylland, og som stamfar reknast Thorn Ollufsen (omkr. 1500–1560) som var borgar der. Den første frå slekta som kom til Noreg var presten Søfren Thornsen Schive (omkr. 1545–1582). Han skal ha hatt band til Noreg på morssida: morfaren skal ha vore ein Peder Lauritssen som var prest i Finnås, men dette er usikre opplysningar.[1] Slekta har utmerka seg med ein rekkje prestar, ikkje minst Søren Schive (1623–1705), kjend som «den vise Bjellandpresten».

Det fantest óg ei slekt Schive i Trondheim, som tvillaust kan knyttast til den gamle kjøpstaden Skive på Jylland. Derifrå innvandra det ved byrjinga av 1600- tallet fleire ubeslekta personar til Trondhjem. Som familiens eldste kjende medlem reknar ein Lauritz Jensen Schive, som etter forstandar Hornemans genealogiske samlingar i Trondhjems Stiftsarkiv, nemnast som rådmann i Trondhjem i 1639 og var gift med Else Christensdatter. Hans son Jens Lauritsen Schive vart eigar av Ila Mølle. Hans son igjen var proprietær Reinholdt Jensen Schive. Slekt bestod i flere ledd av rådmenn og prester.

Den eldre Schive-slekta

Den yngre Schive-slekta

Den eldste vi kjenner i denne slekta er auditør Johan Conrad Schive (1763–1837), som skal ha vore fødd i København.

Rådmannslekten Schive fra Trøndelag

  • Lauritz Jensen Schive skal ha vore gift med Else Christensdotter. Rådmann i Trondheim.[2]
    • Jens Lauritzen Schive (ca. 1616-1707), eigar av Ila mølle. Rådstuskrivar i Trondheim.
      • Reinholdt Jensen Schive (1694-1763), gift med Knerke Mathiasdatter Jessen.
        • Knerche Reinholdtsdatter Schive (1720-1767), gift Thurmann.
        • Jens Reinholdtsen Schive (1731-1778), sogneprest.
          • Gjertrud Dorothea Schive (1765-)
          • Reinholdt Johannes Schive (1767-1835), godseier og cand. theol.
            • Johan Christian Vogelsang Schive (1812-1874), lensmann i Selbu.
            • Christian Lorck Schive (1803-1879), forstander for Trondhjems Hospital, St. Jørgens Hus og Waisenhuset
            • Jacob Motzfeldt Schive (1805-1877)
          • Lauritz Möller Schive (1769-1858), kasserer ved Blaafarveverket i Modum.
            • Christian Fredrik Schive (1812-1880), sorenskriver. Døydde i Hamar.
          • Ellen Birgitte Schive (1763-1846)
          • Maria Lucia Jensdatter Schive (1774-1786)
          • Knerche Dorthea Schive (1775-1830), gift med prest Andreas Høyem.
          • Anna Fredrikke Klingenberg Schive (1776-1852)
          • Appolonia Catharina Schive (1777-1839), gift Pind.
          • Jensonetta Sophia Schive (1778-)
        • Ellen Margrethe Reinholtsdatter Schive (1721-1811), gift Klinge og Greve.
        • Mathias Reinholtsen Schive (1722-1787), gift med Karen Christine Jacobsdatter Brun.
      • Helle Jensdatter Schive, gift Storch.
      • Ellen Jensdatter Schive, gift Wind.
      • Michel Jensen Schive, gift med Susanne Larsdatter Stabel.
        • Jens Caspar Schive (ca. 1691-)
        • Guri Helene Michelsdatter Schive (ca. 1693-1755), gift Zinch.
    • Svend Lauritzen Schive (- etter 1679), gift med Maren Andersdatter. Rådmann i Trondheim, moglegvis frå 1678. [3]
      • Lauritz Svendsen Schive (ca. 1620-ca. 1689), India.
      • Haagen Svendsen Schive (ca. 1630-ca. 1723)
        • Berete Haagensdatter Schive
        • Anders Haagensen Schive
        • Svend Haagensen Schive
    • Peder Lauritzen Schive (-1696), gift med Karen Steensdatter. Rådmann i Trondheim.
      • Jens Pedersen Schive

Referansar

  1. Seland 1976: 10.
  2. Schmidt, Olaus. Familien Schive. Trondhjem. 1917. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Mathiesen, Henrik. Fortegnelse over magistratpersoner i Trondhjem 1377-1922. Utg. [s.n.]. Trondheim. 1945. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur