Seljord Billag: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
(→Arkivet: test) |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
== Arkivet == | == Arkivet == | ||
{{Infoboks arkiv | |||
| målform = nn | |||
| navn = Seljord Billag | |||
| bilde = Innhald frå Seljord Automobillag sitt arkiv.jpg | |||
| bildetekst = Delar av innhaldet i Seljord Billag sitt arkiv. | |||
| arkivinstitusjon = [[Vest-Telemark Museum]] | |||
| sti = VTM/A-1048 | |||
| kategori = | |||
| fra = 1919 | |||
| til = 1972 | |||
| fylke = [[Telemark ]] | |||
| kommune = [[Seljord kommune|Seljord]] | |||
| sted = [[Vest-Telemark]] | |||
| omfang = 0,2 hm | |||
| arkivportalen = http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000002234 | |||
| digitalt = | |||
}} | |||
Arkivet etter Seljord Billag er ordna på [[Vest-Telemark Museum]]. Oversikta over arkivet finn ein på [http://arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000002234 arkivportalen]. | Arkivet etter Seljord Billag er ordna på [[Vest-Telemark Museum]]. Oversikta over arkivet finn ein på [http://arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000002234 arkivportalen]. | ||
Sideversjonen fra 19. okt. 2017 kl. 14:19
Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann.
Historikk
Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. I 1923 blei Federalbilen bytt bort med ein Republik. Bilen blei utbygd av snikkar Li på Notodden. «Karosjeriet var noko betre enn det fyrste, men var nokso uvandt tillaga», heiter det i årsmeldinga frå 1938. I 1924 kom jarnbanen til Bø. Det var difor naudsynt å utvide rutetilbodet m.a. for å dekke behovet frå landhandlarane. I 1926 blei det kjøpt inn ein Studebaker-buss. «Bussen var stor og vel utstyrt og vekte mykje åtgaum her uppe. Det var den fyrste i sitt slag.»
Billaget dreiv både vare- og turisttrafikk, og frå 1927 fekk dei ansvaret for snobrøytinga på strekninga Bø-Seljord-Flatdal for 1200 kr i året. Bilane vart utstyrt med plogar, men desse vart for veike for snoforholda i Vest-Telemark. Det vart difor gjort avtaler med hesteeigarar langs strekninga dei fyrste åra.
Samanslåing
I 1959 gjekk Seljord Billag saman med Fyresdal-Vrådal-Nissedal Billag og Vest-Telemark Billag om samkøyring. I 1972 blei laga slått saman til Vest-Telemark Bilruter L/L. Sentraladministrasjonen blei lagt til Seljord. I 1998 blei namnet endra til Telemark Bilruter A/S.
Arkivet
Seljord Billag | |
---|---|
Delar av innhaldet i Seljord Billag sitt arkiv. | |
Arkivinstitusjon: | Vest-Telemark Museum |
Full sti: | VTM/A-1048 |
Frå år: | 1919 |
Til år: | 1972 |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Seljord |
Stad: | Vest-Telemark |
Omfang: | 0,2 hm |
Arkivportalen: | http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000002234 |
Arkivet etter Seljord Billag er ordna på Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.