Seljord Idrettslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Seljord Idrettslag er eit idrettslag frå Seljord i Telemark. Laget blei stifta i 1902 og er i dag eit fleiridrettslag med undergrupper innanfor fotball, handball, ski, skiskyting, riding, friidrett og allmennidrett for barn.

Kjøkkenet til Seljord Idrettslag under Dyrsku'n i Seljord i 1994

Historie

Seljord Idrettslag blei stifta 28. mars 1902, då Seljord Skilag vedtok at laget også skulle drive med annan idrett enn skirenn. Det blei avgjort at det nye idrettslaget skulle heite Seljord idrottslag.

På stiftelsesdagen hadde laget 17 medlemmer og eit årsmedlemskap kosta 25 øre.  

Eit av lagets fyrste stemne fann stad 7. og 8. juni 1902. Orienteringsløp, hinderløp, høgdesprang, lengdesprang, trestegsprang, kulekasting og symjing sto på programmet. Symjing måtte midlertidig utsettast fordi vatnet var for kaldt.

Laget oppretta seinare undergrupper for dei ulike idrettsgreinene. I tillegg til fotball, handball, ski, riding og friidrett har laget tidlegare også hatt grupper innanfor blant annet symjing, volleyball og trim. I 2021 hadde laget omtrent 500 medlemmer.

Anlegg

Seljord Idrettslag har i dag anlegg på Eventyrøy (fotball og friidrett), Raudkleiv (alpint, ski og skiskyting) og Granvin (handball m.m.). Laget er deleigar i Granvin kulturhus saman med Seljord Ungdomslag og Seljord kommune.

Dugnad på Dyrsku’n

Laget har sidan 1977 hatt ansvar for matsalet på Norges største handels- og landbruksmesse, Dyrsku’n i Seljord. Dette er ei viktig årleg inntektskjelde for laget.

Arkiv

Arkivet til Seljord Idrettslag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Sjå oppføring på arkivportalen. Dei eldste protokollane er også publisert på Digitalarkivet.

Kilder og litteratur