Seljord Idrettslag
Seljord Idrettslag er eit idrettslag frå Seljord i Telemark. Laget blei stifta i 1902 og er i dag eit fleiridrettslag med undergrupper innanfor fotball, handball, ski, skiskyting, riding, friidrett og allmennidrett for barn.
Historie
Seljord Idrettslag blei stifta 28. mars 1902, då Seljord Skilag vedtok at laget også skulle drive med annan idrett enn skirenn. Det blei avgjort at det nye idrettslaget skulle heite Seljord idrottslag.
På stiftelsesdagen hadde laget 17 medlemmer og eit årsmedlemskap kosta 25 øre.
Eit av lagets fyrste stemne fann stad 7. og 8. juni 1902. Orienteringsløp, hinderløp, høgdesprang, lengdesprang, trestegsprang, kulekasting og symjing sto på programmet. Symjing måtte midlertidig utsettast fordi vatnet var for kaldt.
Laget oppretta seinare undergrupper for dei ulike idrettsgreinene. I tillegg til fotball, handball, ski, riding og friidrett har laget tidlegare også hatt grupper innanfor blant annet symjing, volleyball og trim. I 2021 hadde laget omtrent 500 medlemmer.
Anlegg
Seljord Idrettslag har i dag anlegg på Eventyrøy (fotball og friidrett), Raudkleiv (alpint, ski og skiskyting) og Granvin (handball m.m.). Laget er deleigar i Granvin kulturhus saman med Seljord Ungdomslag og Seljord kommune.
Galleri
Øverst: Kjøpmann Rolleiv Bakken, født 1914 i Seljord kommune. Hopp. Nederst: Skogsarbeider Knut Bjørge, født 1920 i Seljord, hopp og kombinert. Begge for Seljord idrottslag. Ill: Norke skiløpere, b.3 (1957).
Gardbruker Aslak Brekka, født 1908 i Seljord kommune. Kombinert og langrenn for Seljord idrottslag. Ill. Borske skiløpere, b. 3 (1957).
Lavrants Rui, Født 1875 i Seljord kommune, død 1957. Hopp og langrenn for Seljord idrottslag. Kongepokal i skyting i 1907. i tillegg til i alt 400 premier vunnet i skirenn og skyting, flere sentrale verv. Ill. Norske skiløpere, b,3 (1957).
Gardbruker Svein Rui, født 1909 i Seljord kommune. Hopp og kombinert for Seljord idrottslag. Ill.: Norske skiløpere b.3 (1957),
Skogsarbeider Olav Jubskås, født 1918 i Seljord kommune. Langrennsløper for Seljord idrottslag. Ill: Norske skiløpere b.3. (1957).
Skogsarbeider Leif Bjørge, født 1923 i Seljord kommune. Langrennsløper for Seljord idrottslag. Ill. Norske skiløpere b.3. (1957)
Forretningsfører Aasmund Skori, født 1914 i Seljord kommune. Hopp og slalåm for Seljord idrottslag. Ill.: Norske skiløpere b.3. (1957)
Dugnad på Dyrsku’n
Laget har sidan 1977 hatt ansvar for matsalet på Norges største handels- og landbruksmesse, Dyrsku’n i Seljord. Dette er ei viktig årleg inntektskjelde for laget.
Arkiv
Arkivet til Seljord Idrettslag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Sjå oppføring på arkivportalen. Dei eldste protokollane er også publisert på Digitalarkivet.
Kilder og litteratur
- Forhandlingsprotokoll for Seljord idrottlag, stiftelsesdokument tilgjengeleg på Digitalarkivet og hos Vest-Telemark museum
- Informasjon om Seljord Idrettslag på lagets heimesida