Skaun kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 10: Linje 10:
<onlyinclude>
<onlyinclude>
{{thumb|Skaun kyrkje.jpg|[[Skaun kyrkje]] på Venn.|Erlend Estenstad}}
{{thumb|Skaun kyrkje.jpg|[[Skaun kyrkje]] på Venn.|Erlend Estenstad}}
'''Skaun''' er ein kommune i [[Sør-Trøndelag fylke]]. Kommunen grensar mot kommunane [[Orkdal]] i vest og [[Melhus]] i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med [[Trondheim]] i [[Gaulosen]], ei sidearm av [[Trondheimsfjorden]] der elva [[Gaula]] har utløpet sitt. Skaun kommune vart danna i [[1965]], da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvika og Skaun vart [[kommunesamanslåing|slått saman]]. Dei største tettstadene i kommunen er [[Buvika]], administrasjonssenteret [[Børsa]], [[Venn]], [[Viggja]] og [[Eggkleiva]].</onlyinclude>
'''[[Skaun]]''' er ein kommune i [[Sør-Trøndelag fylke]]. Kommunen grensar mot kommunane [[Orkdal]] i vest og [[Melhus]] i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med [[Trondheim]] i [[Gaulosen]], ei sidearm av [[Trondheimsfjorden]] der elva [[Gaula]] har utløpet sitt. Skaun kommune vart danna i [[1965]], da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvika og Skaun vart [[kommunesamanslåing|slått saman]]. Dei største tettstadene i kommunen er [[Buvika]], administrasjonssenteret [[Børsa]], [[Venn]], [[Viggja]] og [[Eggkleiva]].</onlyinclude>


== Næringsliv ==
== Næringsliv ==

Sideversjonen fra 2. feb. 2008 kl. 21:26

Skaun kommune
Basisdata
Kommunenummer 1657
Kommunesenter Børsa
Areal 10.9  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 10.9  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Skaun kyrkje på Venn.
Foto: Erlend Estenstad

Skaun er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen grensar mot kommunane Orkdal i vest og Melhus i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med Trondheim i Gaulosen, ei sidearm av Trondheimsfjorden der elva Gaula har utløpet sitt. Skaun kommune vart danna i 1965, da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvika og Skaun vart slått saman. Dei største tettstadene i kommunen er Buvika, administrasjonssenteret Børsa, Venn, Viggja og Eggkleiva.

Næringsliv

Mange av innbyggjarane i Skaun pendlar til arbeidsplassar i nabokommunane, med unnatak av dei som arbeider innan landbruket og offentleg sektor. Den største bedrifta er mølna i Buvika (Norgesmøllene). Sjølv om kommunen har ca 6000 innbyggjarar, finst det stort sett berre daglegvarebutikkar og eit par blomsterforretningar. Dette kan koma av stor handelslekkasje til nabokommunane. Pga. dei mange pendlarane, blir Skaun ofte omtalt som ein bukommune eller sovekommune, men kommunen arbeider aktivt for å trekkje til seg meir næringsliv. 30. juni 2005 opna nye E39 gjennom kommunen. Det er knytt stor spenning til ringverknadene av den nye vegen. E39 vart som ein av dei første vegane i Noreg bygd gjennom eit OPS-prosjekt (offentleg/privat samarbeid).

Skolar

Kommunen har fem barneskolar. Jåren/Råbygda skule er den einaste heile skolen i Sør-Trøndelag med nynorsk som opplæringsmål (elles finst det enkeltklassar på andre skolar). Ungdomsskoletrinna er samla på Skaun ungdomsskole i Børsa. I Børsa ligg òg Fredly folkehøgskole. Det finst ingen vidaregåande skole i kommunen, dei fleste går på skolar i nabokommunane, særleg i Orkdal, Meldal og Melhus, men òg på skolar i Trondheim.

Kultur

Skaun er kjent for eit rikt kulturliv. Dei frivillige organisasjonane står sterkt; her finst det t.d. idrettslag, 4H, fritidsklubbar, kor og korps. Revymiljøet er òg godt i Skaun. Den kommmunale kulturskolen har tilbod innanfor drama, dans og biletkunst, samt vokal- og instrumentopplæring.

Kulturlivet kan også spela på dei historiske røtene til kommunen, som går heilt tilbake til vikingtida. På Naustan i Børsa står fire bautasteinar som ifølgje folketrua vart bruka som båtfeste av Einar Tambarskjelve. Desse steinane er motiv for kommunevåpenet. Einar Tambarskjelve eigde òg høvdingesetet Husaby ved Venn. Det er strid mellom Skaun og Melhus om Tambarskjelve budde der eller på Gimse i Melhus.

Det som er sikkert, er iallfall at nobelprisvinnar i litteratur Sigrid Undset budde på ein gard ved Husaby mens ho skreiv delar av trilogien om Kristin Lavransdatter. I bøkene hennar er det også på Erlend Nikolaussønns Husaby at Kristin Lavransdatter ender opp som husfrue. Kvart år andre helga i august er det eit stemne om "Kristin på Husaby" i Skaun.

Skaun kyrkje på Venn er ei steinkyrkje frå mellomalderen (kring 1180), og forbi ho går pilgrimsleia vidare mot Nidarosdomen.

Natur

Fil:Rowanberries in late August 2004 in Helsinki.jpg
Bær av rogn (Sorbus aucuparia) — kommuneblomsteren til Skaun. (Foto: «Jonik»)

Kommunen har store friluftsområde, som passar godt både for ski og fiske. Det finst 46 fiskevatn, hovudsakeleg med aure og røyr. Laks kan fiskast i Børselva og Vigda. Dei mest kjende badeplassane er Grønnlandsskjæret og Tråsåvika camping (begge mellom Viggja og Thamshavn), Grønnesset ved Ånøya (også tilrettelagt for funksjonshemma) og Laugasand (på Eggkleiva).

Kommuneblomsteren til Skaun er rogn, som òg er omtala i Skaunasongen, skrive av Bjarne Slapgard og Lars Minsaas.

Kjente personar frå Skaun

Lenkjer

Mal:Sør-Trøndelag


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skaun» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.