Forside:Skaun kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
(Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
OppdalRennebuMeldalOrkdalSkaun

Om Skaun kommune
1657 Skaun komm.png
Skaun er ein kommune i Trøndelag fylke. Han vart utskild frå Børsa kommune i 1890, og hadde først namnet Børseskognen kommune. Kommunen grensar mot kommunane Orkdal i vest og Melhus i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med Trondheim kommune i Gaulosen, ei sidearm av Trondheimsfjorden der elva Gaula har utløpet sitt. Skaun kommune fekk nye grenser i 1965 da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvika og Skaun vart slått saman. Dei største tettstadene i kommunen er Buvika, administrasjonssenteret Børsa, Venn, Viggja og Eggkleiva.Mange av innbyggjarane i Skaun pendlar til arbeidsplassar i nabokommunane, med unntak av dei som arbeider innan landbruket og offentleg sektor. Den største bedrifta er mølna i Buvika (Norgesmøllene). Sjølv om kommunen har ca 6 000 innbyggjarar, finst det stort sett berre daglegvarebutikkar og eit par blomsterforretningar der. Dette kan komma av stor handelslekkasje til nabokommunane. På grunn av dei mange pendlarane blir Skaun ofte omtala som ein bukommune eller sovekommune, men kommunen arbeider aktivt for å trekkje til seg meir næringsliv.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Ole Vilberg Wigdahl (1772 - 1827), borgar av Kristiansund, handelsmann i Aure. Han var fødd på garden Vigdal i Buvika i Byneset prestegjeld utanfor Trondheim. Foreldra var Ingebrigt Vigdal og Dorthe Paulsdtr. Ei tid var Ole Wigdahl kontorist for sorenskrivar Lindemann på Nordmøre, og i folketeljinga i 1801 er han såleis registrert i hushaldet til sorenskrivaren på garden Ytre Øye i Surnadal. I 1804 kjøpte han husa på det gamle borgarleiet Havna, ein husmannsplassen under prestegarden i Aure. Same år vart han borgar av Kristiansund med rett til å drive handel som uteliggjarborgar i Aure. I 1810 kjøpte han kyrkja i Aure, og han var elles ein aktiv deltakar innanfor ei rekkje område i lokalsamfunnet. Som handelsborgar var han medlem av bygdekommisjonen fram til slutten av 1808. I 1807-08 var han også første forlikskommisær i Aure. I 1814 var han ein av initiativtakarane for å etablere bygdemagasin i Aure, og ei stund var han forvaltar for bygdemagasinet. Frå 1818 var han hjelpevaksinatør i prestegjeldet.   Les mer …

Fr. Motzfeldt 1842. Teikning av C.Olsen.
Frederik Motzfeldt (fødd i Skaun 2. november 1779, død i Oslo 2. januar 1848) var jurist med mange embete - sorenskrivar, byfut, høgsterettsdommar, statsrevisor. Han var eidsvollsmann og stortingsmann.

Frederik var son av offiseren Jacob von Motzfeldt (1744-1817) og hans andre kone Sofia Katarina Mühlenphort (ca. 1750-1789).Åtte år før Frederik var fødd hadde faren kjøpt garden Mo i Skaun, der Frederik voks opp. Da foreldra selde garden igjen i 1796, gjekk Frederik truleg på Trondheim katedralskule, der han vart student i 1798. Han studerte deretter juss i København og tok embetseksamen i 1801.

  Les mer …

Wollert Johan Lyder Frich
Foto: Norges gejstlighet i 1914
Wollert Johan Lyder Frich (fødd 1. januar 1843 i Bergen, død 10. juni 1929 i Fana) var son av bakarmeister David Frich og Christiane Benedicte f. Jordan. Han vart student i 1863 og tok teologisk embetseksamen 3. juni 1871. Han gifte seg i Bergen 26. mai 1872 med Charlotta Louise Christiane Stoltz (1849-1943). Frich var prest (”Lutheran Minister”) i Halfway Creek i Wisconsin, USA, frå 1872. I 1882 flytte han og familien attende til Noreg. Etter å ha vikariert i ledige sokneprestembete i to år, vart han 23. februar 1884 utnemnd til sokneprest i Jostedalen. Han kom til Jostedalen med kona og seks born 15. mai 1884. Det vart Frich som innvigde det nye skulehuset på Bjørk 9. januar 1886. Det fungerte òg som kommunehus. Frich sytte òg for å få dyrka opp ei myr ved Prestegarden, finansiert gjennom lån i Opplysningsvesenets fond. Frich og huslyden forlet Jostedalen 24. september 1890 etter at han vart utnemnd til sokneprest i Børsa i Sør-Trøndelag 31. mai same året.   Les mer …

1657 Skaun komm.png
Skaun er ein kommune i Trøndelag fylke. Han vart utskild frå Børsa kommune i 1890, og hadde først namnet Børseskognen kommune. Kommunen grensar mot kommunane Orkdal i vest og Melhus i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med Trondheim kommune i Gaulosen, ei sidearm av Trondheimsfjorden der elva Gaula har utløpet sitt. Skaun kommune fekk nye grenser i 1965 da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvika og Skaun vart slått saman. Dei største tettstadene i kommunen er Buvika, administrasjonssenteret Børsa, Venn, Viggja og Eggkleiva.Mange av innbyggjarane i Skaun pendlar til arbeidsplassar i nabokommunane, med unntak av dei som arbeider innan landbruket og offentleg sektor. Den største bedrifta er mølna i Buvika (Norgesmøllene). Sjølv om kommunen har ca 6 000 innbyggjarar, finst det stort sett berre daglegvarebutikkar og eit par blomsterforretningar der. Dette kan komma av stor handelslekkasje til nabokommunane. På grunn av dei mange pendlarane blir Skaun ofte omtala som ein bukommune eller sovekommune, men kommunen arbeider aktivt for å trekkje til seg meir næringsliv.   Les mer …

 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Skaun kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Skaun kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar