Skjåk venstrelag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (+onlyinclude)
Ingen redigeringsforklaring
 
(6 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 2: Linje 2:


== Den fyrste organiseringa 1884 ==
== Den fyrste organiseringa 1884 ==
Stiftingsmøtet andre nyttårsdag 1884 fann stad på garden [[Skjelkvåle]]. I følgje [[Peder P. Skamser|Peder P. Skamsers]] samtidige dagbokinnførsel var det «200 mænd» til stades. Foredragshaldarar var stortingsmann [[Sigurd Blekastad]] og varamann til Stortinget [[Christian A. Horne]]. Hovudtema for dagen var vetostriden. Det hadde i åra i førevegen pågått ein kvass politisk strid ikkje berre på rikspolitisk plan, men lokalt i bygda, mellom anna knytt til [[myrmannsvesenet]] og det såkalla [[Opprob til Christendommens Venner i vort Land]] frå året før.
Stiftingsmøtet andre nyttårsdag 1884 fann stad på garden [[Skjelkvåle]]. I følgje [[Peder P. Skamser|Peder P. Skamsers]] samtidige dagbokinnførsel var det «200 mænd» til stades. Foredragshaldarar var stortingsmann [[Sigurd Blekastad]] og varamann til Stortinget [[Christian Horne]]. Hovudtema for dagen var vetostriden. Det hadde i åra i førevegen pågått ein kvass politisk strid ikkje berre på rikspolitisk plan, men lokalt i bygda, mellom anna knytt til [[Myrmann|myrmannsvesenet]] og det såkalla [[Opprob til Christendommens Venner i vort Land]] frå året før.


[[Ole Sivertsen Hyrve]] frå annekset Nordberg vart vald til fyrste leiar i laget. Det teikna seg 63 medlemmer under og rett etter stiftingsmøtet. Blant desse var ordføraren i bygda, [[Christian A. Hjelter]], som var den mest markante venstreleiaren frå hovudsoknet. Båe Ole Sivertsen og «Hjeltar’n» hadde stått i fronten i striden i dei føregåande åra. Hjelter hadde mellom anna bygsla bort parsellar av eigedomen sin for å skaffe røysterett til nokre av tilhengarane sine. Ole Sivertsen hadde vore i skarp polemikk mot sentrale personar i det kristne miljøet i Nordberg som offentleg hadde slutta seg til oppropet til kristendommens vener.
[[Ole Sivertsen Hyrve]] frå annekset Nordberg vart vald til fyrste leiar i laget. Det teikna seg 63 medlemmer under og rett etter stiftingsmøtet. Blant desse var ordføraren i bygda, [[Christian A. Hjelter]], som var den mest markante venstreleiaren frå hovudsoknet. Båe Ole Sivertsen og «Hjeltar’n» hadde stått i fronten i striden i dei føregåande åra. Hjelter hadde mellom anna bygsla bort parsellar av eigedomen sin for å skaffe røysterett til nokre av tilhengarane sine. Ole Sivertsen hadde vore i skarp polemikk mot sentrale personar i det kristne miljøet i Nordberg som offentleg hadde slutta seg til oppropet til kristendommens vener.


== Skiaker Venstreforening 1894 ==
== Skiaker Venstreforening 1894 ==
Den [[29. april 1894]] vart laget revitalisert ved skiping av Skiaker Venstreforening. Medlemstalet kom nå opp i ca. 110. Leiar var [[Ola Olsen Skjaak]], gardbrukar i Øvre Brekk. Nevøen [[Ola Gudbrandsen Skjaak]], på det tidspunktet gardbrukar på [[Sygard Ånstad]], var med i styret saman med småbrukar [[Sylfest Hansen Skrindsveen]], lærar [[Lars Hørven]] og handelsmann og småbrukar [[Svend Aaboen]].
Den [[29. april]] [[1894]] vart laget revitalisert ved skiping av Skiaker Venstreforening. Medlemstalet kom nå opp i ca. 110. Leiar var [[Ola O. Skjaak]], gardbrukar i Øvre Brekk. Nevøen [[Ola Gudbrandsen Skjaak]], på det tidspunktet gardbrukar på [[Sygard Ånstad]], var med i styret saman med småbrukar [[Sylfest Hansen Skrindsveen]], lærar [[Lars Hørven]] og handelsmann og småbrukar [[Svend Aaboen]].


== Skiaaker Venstrelag 1909 ==
== Skiaaker Venstrelag 1909 ==
Linje 28: Linje 28:


== Venstrelister ved kommunevala ==
== Venstrelister ved kommunevala ==
Namna på venstrelistene ved kommunevala i mellomkrigstida synest også å indikere at det eksisterte både eit «Venstre» og eit «folkeparti» i bygda. Men kor vidt er korleis dette har gjeve seg organisatoriske utslag er uvisst.
Nemningane på venstrelistene ved kommunevala i mellomkrigstida synest også å indikere at det eksisterte både eit «Venstre» og eit «folkeparti» i bygda. Men kor vidt eller korleis dette har gjeve seg organisatoriske utslag er uvisst. I alle høve stilte dei felles lister ved kommunevala.


Listene hadde desse namna (med mindre variasjonar i avisene [[Gudbrandsdølen]], [[Gudbrandsdalens Folkeblad]] og [[Dagningen]] som opplysningane er henta frå):
Listene hadde desse namna (med mindre variasjonar i avisene [[Gudbrandsdølen]], [[Gudbrandsdalens Folkeblad]] og [[Dagningen]] som opplysningane er henta frå):


* 1919: Venstre og Arbeiderdemokratene i båe sokna.
* 1919: «Venstre og Arbeiderdemokratene» i båe sokna.
* 1922: Venstre og Radikale folkeparti også i båe sokna.
* 1922: «Venstre og Radikale folkeparti» også i båe sokna.
* 1925: Småbrukere og Radikale folkeparti i Skjåk, framleis Venstre og Radikale folkeparti i Nordberg.
* 1925: «Småbrukere og Radikale folkeparti» i Skjåk, framleis «Venstre og Radikale folkeparti» i Nordberg.
* 1928: Småbrukar- og arbeidarliste i båe sokna (Venstre, Radikale folkeparti og Det norske arbeiderparti)
* 1928: Småbrukar- og arbeidarliste i båe sokna (Venstre, Radikale folkeparti og Det norske arbeiderparti)
* 1931: Igjen Venstre og Radikale folkeparti i båe valsokna.  
* 1931: Igjen «Venstre og Radikale folkeparti» i båe valsokna.  


Valet i 1931 er det siste Venstre stilte liste til i Skjåk kommune, og venteleg har også venstrelaget eller -laga opphøyrt kortare eller lengre tid etterpå.
Valet i 1931 er det siste Venstre stilte liste til i Skjåk kommune, og venteleg har også venstrelaget eller -laga opphøyrt kortare eller lengre tid etterpå.
Linje 43: Linje 43:
* Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940», i ''Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet'', Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1991.
* Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940», i ''Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet'', Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1991.
* Hosar, Hans P.: ''Skjåk bygdebok band 3'', Skjåk kommune 1998.
* Hosar, Hans P.: ''Skjåk bygdebok band 3'', Skjåk kommune 1998.
* Svend Aaboens dagbok 1906-1941, i privat eige, kopi i bygdebokarkivet iNorddalsarkivet avdeling Skjåk.
* Svend Aaboens dagbok 1906-1941, i privat eige, kopi i bygdebokarkivet i Norddalsarkivet avdeling Skjåk.


[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Venstre]]
[[Kategori:Venstre]]
[[Kategori:Lokallag av politiske partier]]
[[Kategori:Etableringer i 1884]]
[[Kategori:Etableringer i 1884]]
{{F1}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 31. des. 2020 kl. 05:57

Skjåk venstrelag var lokallag av partiet Venstre i Skjåk kommune. Det vart stifta den 2. januar 1884, truleg under namnet Skiaker Venstreforening. Dette skjedde nesten ein månad før landssamskipnaden Norges venstreforening konstituerte seg den 28. januar. Etter at lokallaget eit par gonger hadde gått i stå, vart det starta opp att i 1894 og 1909. Frå 1913 kan det ha vore eigne lag i kvart av dei to sokna Skjåk og Nordberg. Den lokale partiorganisasjonen synest å ha opphøyrt ein gong i 1930-åra.

Den fyrste organiseringa 1884

Stiftingsmøtet andre nyttårsdag 1884 fann stad på garden Skjelkvåle. I følgje Peder P. Skamsers samtidige dagbokinnførsel var det «200 mænd» til stades. Foredragshaldarar var stortingsmann Sigurd Blekastad og varamann til Stortinget Christian Horne. Hovudtema for dagen var vetostriden. Det hadde i åra i førevegen pågått ein kvass politisk strid ikkje berre på rikspolitisk plan, men lokalt i bygda, mellom anna knytt til myrmannsvesenet og det såkalla Opprob til Christendommens Venner i vort Land frå året før.

Ole Sivertsen Hyrve frå annekset Nordberg vart vald til fyrste leiar i laget. Det teikna seg 63 medlemmer under og rett etter stiftingsmøtet. Blant desse var ordføraren i bygda, Christian A. Hjelter, som var den mest markante venstreleiaren frå hovudsoknet. Båe Ole Sivertsen og «Hjeltar’n» hadde stått i fronten i striden i dei føregåande åra. Hjelter hadde mellom anna bygsla bort parsellar av eigedomen sin for å skaffe røysterett til nokre av tilhengarane sine. Ole Sivertsen hadde vore i skarp polemikk mot sentrale personar i det kristne miljøet i Nordberg som offentleg hadde slutta seg til oppropet til kristendommens vener.

Skiaker Venstreforening 1894

Den 29. april 1894 vart laget revitalisert ved skiping av Skiaker Venstreforening. Medlemstalet kom nå opp i ca. 110. Leiar var Ola O. Skjaak, gardbrukar i Øvre Brekk. Nevøen Ola Gudbrandsen Skjaak, på det tidspunktet gardbrukar på Sygard Ånstad, var med i styret saman med småbrukar Sylfest Hansen Skrindsveen, lærar Lars Hørven og handelsmann og småbrukar Svend Aaboen.

Skiaaker Venstrelag 1909

Laget vart starta for tredje gong våren 1909, nå med namnet Skiaaker Venstrelag. Dette skjedde året etter at partiet vart splitta på landsbasis. Høgrefløya hadde vorte avskala og danna Frisinnede Venstre, medan organisasjonen for øvrig vart ståande att som «det konsoliderte Venstre». Det er grunn til å tru at det nye lokallaget i Skjåk halla mot det konsoliderte partiet.

I Oppland var det nå elles ei retning av Venstre som danna eit eige parti, Arbeiderdemokratene (seinare Radikale folkeparti) under leiing av Johan Castberg. To av styremedlemmene som vart valde ved skipinga i Skiaaker Venstrelag 1909 markerte seg seinare som representantar for Arbeiderdemokratene/Radikale folkeparti da det byrja kome partilister ved kommunevala i bygda nokre år seinare. Det var lærar og kyrkjesongar Kolbein Skaare i Nordberg og gardbrukar og postopnar Ola O. Aanstad (Sygard Ånstad).

Både i fylket og lokalt i Skjåk vart det meir og meir synleg ei kløyving i venstrerørsla mellom eit «småbrukarvenstre» (Arbeiderdemokratene) og eit «bondevenstre». Det siste skulle bli rekrutteringsmark for Bondepartiet i 1920-åra.

Frå resultatet av stortingsvalet i 1912 får vi ein peikepinn om det lokale styrkeforholdet mellom fløyane i Skjåk, sjølv om biletet blir uklårt som følgje av felleslister på båe sider. Det var 178 personar som stemte for gardbrukar Landheim frå Dovre, som stilte for Venstre og Arbeiderdemokratene, og 152 stemte for sorenskrivar Qvigstad, som var kandidat for Høire og Frisinnede Venstre i fylket.

Venstreorganisering i Nordberg

Det er elles ikkje lett å få oversyn over det organisatoriske forholdet mellom Venstre og Arbeiderdemokratene/Radikale folkeparti i Skjåk. Svend Aaboen noterer i dagboka si for 5. januar 1913 at han hadde vore på møte i losjehuset Framtidsheim «til konstitution av et venstre og arbeiderlag».

I byrjinga av februar det same året noterer han at det hadde vore møte i laget om «skogstyrevalget». Interessemotsetningar i forvaltninga av Skjåk Almenning var blitt skjerpa i den næraste tida føreåt. Motsetningane gjekk mellom småbrukarar med berre bruksrett og gardbrukarar med eigedomsrett i tillegg til bruksretten. Aaboen og fleire andre sentrale venstrefolk sat i styret for Skjaak bruksretsforening, som var skipa i desember 1911.

I 1914 noterer Aaboen at han og eit par andre frå Nordberg hadde vore på møte sør i bygda i «Skjaak venstrelag».

Valordninga innebar at det vart stilte eigne lister i kvart dei to valsokna i kommunen, Skjåk og Nordberg. Det gjer det naturleg å tenkje seg at det også var eigne partilag i dei to delane av bygda, moglegvis også med ei fellesforeining for heile kommunen.

Venstrelister ved kommunevala

Nemningane på venstrelistene ved kommunevala i mellomkrigstida synest også å indikere at det eksisterte både eit «Venstre» og eit «folkeparti» i bygda. Men kor vidt eller korleis dette har gjeve seg organisatoriske utslag er uvisst. I alle høve stilte dei felles lister ved kommunevala.

Listene hadde desse namna (med mindre variasjonar i avisene Gudbrandsdølen, Gudbrandsdalens Folkeblad og Dagningen som opplysningane er henta frå):

  • 1919: «Venstre og Arbeiderdemokratene» i båe sokna.
  • 1922: «Venstre og Radikale folkeparti» også i båe sokna.
  • 1925: «Småbrukere og Radikale folkeparti» i Skjåk, framleis «Venstre og Radikale folkeparti» i Nordberg.
  • 1928: Småbrukar- og arbeidarliste i båe sokna (Venstre, Radikale folkeparti og Det norske arbeiderparti)
  • 1931: Igjen «Venstre og Radikale folkeparti» i båe valsokna.

Valet i 1931 er det siste Venstre stilte liste til i Skjåk kommune, og venteleg har også venstrelaget eller -laga opphøyrt kortare eller lengre tid etterpå.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940», i Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet, Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1991.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3, Skjåk kommune 1998.
  • Svend Aaboens dagbok 1906-1941, i privat eige, kopi i bygdebokarkivet i Norddalsarkivet avdeling Skjåk.