Ola O. Skjaak

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola O. Skjaak i Brekk. Fotograf ukjent

Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var ordførar i Skjåk i to periodar (Venstre). Han var fødd på Uppigard Skjåk, men vart med ekteskapet gardbrukar i Øvre Brekk, og blir derfor ofte omtala som Ola Skjåk i Brekk. Namnet hans blir skrive i mange variantar, og det er ikkje heilt på det reine kva han sjølv føretrekte. Ein del etterkomarar nyttar etternamnet Skjaak Bræk.

Familie

Foreldra hans var Ola Gudbrandsen Skjåk (1800-1873) og hans fyrste kone Livø Olsdotter Bøje (1809-1847). Dei var gardbrukarar på Uppigard Skjåk, ein av dei største gardane i bygda.

Ola gifta seg i 1868 med Gunhild Rolvsdotter Bræk (1843-1924). Ho var dotter til gardbrukar og fanejunker Rolv Rasmussen Bræk (1813-1902) og hans fyrste kone Torø Jonsdotter Gran (1816-1846). Ola og Gunhild overtok Øvre Brekk, der faren hennar og stemora Susanne Beichmann Bræk er føderådsfolk i folketeljinga 1900.[1]

Ola og Gunhild fekk desse borna:

  • Olaf, f. 1869, utvandra til Amerika, der han døydde i Portland, Oregon, i 1955.
  • Rolv, f. 1872, døydde som toåring.
  • Rolv, f. 1875, banksjef på Hamar.
  • Tora, f. 1878, g.m. Erik Eriksen Vange (f. 1881), tok over foreldregarden Øvre Brekk
  • Gudbrand, f. 1880, banksjef på Eidsvoll. Han var far til Ola Skjaak Bræk, banksjef i Ålesund og statsråd.
  • Live, f. 1882, utvandra til Amerika.

Ola og Gunnhild var føderådsfolk i Øvre Brekk etter at dottera overtok garden, truleg frå 1904, da Tora gifta seg.[2]

Politikk og tillitsverv

Ola O. Skjaak sat i kommunestyret i Skjåk seinast frå 1884 og heilt til 1911.[3] Han var ordførar i to periodar, 1890-1891 og 1898-1901. Han var venstremann, og avløyste fyrste gongen leiaren for dei kristeleg-konservative i bygda kyrkjesongar Ole Lund som ordførar.

I 1894 var Skjaak med på å starte Skjåk venstrelag på nytt («Skiaker Venstreforening»), etter at det fyrste frå 1884 hadde gått i stå. Skjaak vart vald til formann ved nyskipinga. Også dette laget somna inn etter ei stund, og Ola O. Skjaak var med i styret da venstrelaget enda ein gong vart nyskipa i 1909 («Skiåker Venstrelag»).

Ola O. Skjaak hadde fleire sentrale verv. Han sat i styret for Skjåk Almenning i 20 år (1879-1899). Han var medlem av det fyrste forstandarskapet og styret i Lom og Skjåk sparebank, og seinare formann i styret i mange år.

Målsaka

Norskdom og målsak var viktig for Ola O. Skjaak, iallfall om ein skal tru «J.Ø.», som skriv ei helsing til han i avisa på 75-årsdagen hans i 1911:

«I haust daa eg reiste fraa Skjaak, var eg framme hjaa 'om. Det han no var mest uppteken med, var korleis det skulde bli med maallaget i Skjaak. Det skulde ikkje døy, mente'n um han so skuld' fare rundt i bygdi hjaa kvar mann og preike maalsak. Det finst ikkje nokon i bygdi som med slik eldhug trur paa maalsaki som han [...] Naar han tingar burt maalblad er han so hardsett, at folk umogleg kan staa imot. Sjølv har han so mange maalblad og maalbøker, at eg kan ikkje skyna korleis han greider å lesa det alt.»[4]

Han var absolutt med og la grunnen for språkskiftet til nynorsk i Skjåk.

Hyllingsdikt til Ola Skjåk

Signaturen J.Ø. ovanfor står etter alt å dømme for Jon (Jo) Ørjasæter, lærar og bror til diktaren Tore Ørjasæter. Diktaren sjølv skreiv om lag på same tid eit hyllingsdikt til Ola O. Skjaak og tok det med i diktsamlinga I dalom frå 1910. Dei to fyrste av fem strofer er som følgjer:

Ola Skjåk
Eg helsar honom, som livsfrisk går,
han heller yngjest av alder og år,
som ungdoms draumarne drøymer.
Han dådsterk fylgjer i dagsens strid
med framgangsstraumen av eigi tid,
som alt i mot æva strøymer
og minnet um mannen gøymer.
Eg ser honom, ruggen med raude skjegg,
so spræk at han upp mot den femte vegg
vel mest hadde hug te' å spenne.
Lell munde han vera so var i sinn,
han kløkt kunne skoda i sorgi inn
og hugsåre kjenslor kjenne
i varmaste kjærleik brenne.
[...]

Referansar

  1. Ole Olsen Skiaaker Bræk i folketeljinga 1900 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
  2. Ola O. Skjaak i folketeljinga 1910 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
  3. Skjåk 1966:26-30. Litt uvisse hefta ved namnet der det berre er skrive Ole Skiaker. Det kan ha vore nevøen Ola G. Skjaak.
  4. Gudbrandsdølen 31.10.1911.

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1900.
  • Folketeljinga 1910.
  • Skjåk bygdebok bd. 3 side 401.
  • Bruheim, M. Skjåk ålmenning 1798-1968, utg. av Skjåk almenning 1969.
  • Ættebok for Skjåk I,25,2 og 221,1; II,176,2; II,215,1
  • Ørjasæter, Tore: Dikt i samling. Aschehoug. Oslo 1985.

Eksterne lenkjer