Ordførarar i Skjåk kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ordførarar i Skjåk kommune. Denne lista er ei oversikt over ordførarane som har leia Skjåk kommune i Innlandet fylke. Den fyrste tok til 1. januar 1866, då Skjåk vart skilt ut frå Lom kommune.
Partilister vart nytta for fyrste gong i bygda ved kommunevalet i 1916. Når det likevel er påført opplysningar om partitilknyting før dette tidspunktet, er det fordi vi ut frå andre samanhengar kan påvise klar partipolitisk farge for vedkomande ordførarar. Når det gjeld Ole Lund, er han ikkje knytta til noko spesifikt parti. Men han var ein markant leiar for den kristeleg-konservative opposisjonen mot Venstre i Skjåk, jamvel om det ikkje vart organisert noko eigentleg Høgre i bygda.
Senterpartiet har hatt ordføraren samanhengande sidan 1988.
Bilete | År | Namn | Yrke | Parti | Merknader |
---|---|---|---|---|---|
1866–1875 | Otto Ottesen | Sokneprest | |||
1876–1877 | Ole Lund | Lærar, kyrkjesongar og småbrukar | Kristen–konservativ | ||
1878–1881 | John J. Kjeken | Lærar, postopnar og gardbrukar | |||
1882–1883 | Christian A. Hjelter | Gardbrukar, seinare også hotelleigar | Venstre | ||
1884–1885 | Ole O. Hørven | Gardbrukar | |||
1886–1889 | Ole Lund | Lærar, kyrkjesongar og småbrukar | Kristen–konservativ | ||
1890–1891 | Ola O. Skjaak (Ola Skjåk i Brekk) | Gardbrukar | Venstre | ||
1892–1893 | Christian A. Hjelter | Gardbrukar, seinare også hotelleigar | Venstre | ||
1894–1897 | Lars Aanstad | Gardbrukar og postopnar | |||
1898–1901 | Ola O. Skjaak (Ola Skjåk i Brekk) | Gardbrukar | Venstre | ||
1902–1904 | Lars Aanstad | Gardbrukar og postopnar | |||
1905–1907 | Rasmus Haugen | Gardbrukar og underoffiser | |||
1908–1910 | Ola O. Aanstad | Gardbrukar og postopnar | Venstre | ||
1911–1913 | Erik Kvale | Kjøpmann og gardbrukar | |||
1914–1916 | Kolbein Skaare | Lærar, kyrkjesongar og småbrukar | Venstre/Arbeiderdemokratene | ||
1917–1919 | Johannes Kjeken | Gardbrukar | Bondelagsliste | ||
1920–1922 | Kolbein Skaare | Lærar, kyrkjesongar og småbrukar | Venstre/Arbeiderdemokratene | ||
1923–1925 | Olav Øygard | Gardbrukar, seinare også hotelleigar | Venstre/Radikale folkeparti | ||
1926–1928 | Ola F. Gjeilo | Gardbrukar | Bondepartiet | ||
1929–1931 | Olav Øygard | Gardbrukar, seinare også hotelleigar | Venstre/Radikale folkeparti | ||
1932–1934 | Ola F. Gjeilo | Gardbrukar | Bondepartiet | ||
1935–1941 | Ole O. Langleite | Arbeidar og småbrukar | Arbeidarpartiet | ||
1941–1945 | Gudbrand Skjaak | Gardbrukar | Nasjonal Samling | ||
1945–1951 | Ole O. Langleite | Arbeidar og småbrukar | Arbeidarpartiet | ||
1952–1955 | Trygve Bakke | Gardbrukar | Bondepartiet | ||
1956–1959 | Ole O. Langleite | Arbeidar og småbrukar | Arbeidarpartiet | ||
1960–1971 | Trygve Bakke | Gardbrukar | Senterpartiet | ||
1972–1983 | Hans Krogstad | Gardbrukar | Senterpartiet | ||
1984–1987 | Åge Willy Rønningen | Lensmann | Arbeidarpartiet | ||
1988–1995 | Margit Grimstad Lien | Gardbrukar | Senterpartiet | ||
1996–2003 | Hans Krogstad | Gardbrukar | Senterpartiet | ||
2003–2007 | Ola Stensgård | Gardbrukar | Senterpartiet | ||
2007–2015 | Rolv Kristen Øygard | Gardbrukar | Senterpartiet | ||
2015–2019 | Elias Sperstad | Journalist | Senterpartiet | ||
2019– | Edel Kveen | Vernepleiar | Senterpartiet |