Skonnert

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.

Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremasta skonnertane skil seg ut frå briggar og barkar ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.

En skonnert kan riggast på ei rekkje ulike vis: Den reint sneiseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju mastrer. Toppseglskonnerten er sneiseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Ein skonnertbrigg eller brigantin har to mastrer, med skværseglrigg på fokkemastra og sneiseglrigg på stormastra. Tremastra skonnertar med skværsegl på fokkemastra og sneiseglrigg elles blir kalla skonnertbark, skonnertskip eller barkantin.

Namnet skonnert kjem frå engelsk schoon (smuttstein) — dvs. ‘som glid lett i sjøen’.

I norske 1800-talskjelder viser ordet «skonnert» oftast til fartøy med skværseglrigga fokkemaster, altså skonnertbrigg eller brigantin.

Galleri


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skonnert» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.