Skulehistorie i Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. okt. 2010 kl. 09:44 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: Den offentlege skulestellet i Jostedalen (no Luster kommune) vart grunnlagd med skulefundasen for Jostedal prestegjeld dagsett 17. oktober 1741.<ref>Statsarkivet i Bergen. …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Den offentlege skulestellet i Jostedalen (no Luster kommune) vart grunnlagd med skulefundasen for Jostedal prestegjeld dagsett 17. oktober 1741.[1] Etter få år vart det langstrekte prestegjeldet delt i to skulekrinsar, "Øvre distrikt" og "Nedre distrikt".

Inndelinga stod ved lag til midt på 1800-talet då dei to distrikta vart delte opp i fem nye krinsar, som i 1880- og 90-åra fekk skulehus:

I desember 1962 vedtok det siste styremøtet i gamle Jostedal kommune å samle dei fem krinsane i ein ny sentralskule. Utover i 1960-åra vart dei gamle krinsane gradvis slegne saman, og i 1968 vart samanslåinga fullført då den nye Jostedal skule ferdig.

Etter dette har Jostedalen vore ein eigen skulekrins i Luster kommune.

Notar

  1. Statsarkivet i Bergen. Bjørgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.