Skulehistorie i Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. jun. 2011 kl. 09:23 av Oddloho (samtale | bidrag) (den fyrste skulehaldaren)
Hopp til navigering Hopp til søk

Den offentlege skulestellet i Jostedalen (no Luster kommune) vart grunnlagd med skulefundasen for Jostedal prestegjeld dagsett 17. oktober 1741.[1] Den aldrande klokkaren Ole Knutson Grov vart tilsett som skulehaldar og skulle få hjelp av husmannen Klaus Olson.

Etter få år vart det langstrekte prestegjeldet delt i to skulekrinsar, "Øvre distrikt" og "Nedre distrikt".

Inndelinga stod ved lag til midt på 1800-talet då dei to distrikta vart delte opp i fem nye krinsar, som i 1880- og 90-åra fekk skulehus:

I desember 1962 vedtok det siste styremøtet i gamle Jostedal kommune å samle dei fem krinsane i ein ny sentralskule. Utover i 1960-åra vart dei gamle krinsane gradvis slegne saman, og i 1968 vart samanslåinga fullført då den nye Jostedal skule ferdig. Sjå dei einskilde skulane for detaljerte opplysningar.

Etter dette har Jostedalen vore ein eigen skulekrins i Luster kommune.

Notar

  1. Skulefundasen 1741, Jostedal historielag

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.