Snidbetning: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Robot: Erstatter mal: Reflist)
 
(20 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Snedbetning,færing.jpg|Færing, snidbetning, sunnmørsbåt|Andreas Vartdal}}
<onlyinclude>{{thumb|Diriks Fig. 16 Soendmoer-Baad.png|''“... Bordene fra Forstevnen løbe skraas opad mod Midten, hvor de alle støde sammen ...”'' (Frå [[Carl Frederik Diriks: «Om de forskjellige Slags Baade i Norge»|«Om de forskjellige Slags Baade i Norge»]] av [[Carl Frederik Diriks]])}}
Nemninga '''[[snidbetning]]''' viser til byggjemåten til [[sunnmørsbåt]]en. </onlyinclude>
Ein '''[[snidbetning]]''' er ein [[sunnmørsbåt]] som (i motsetnad til ''beingangarar'') har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret &mdash; og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Ein hypotese er at det er ei tilpassing til dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under [[hollendartida]], som for Sunnmøre sin del varte frå 1500-talet og litt innpå 1600-talet. Ein annan hypotese, som ikkje nødvendigvis står i motsetnad til den første, er at snidbetningane kom til med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere. </onlyinclude>


Ordet ''snid'' (uttale: snid, sned, sne) tyder 'på skrå, skråande'. Nemninga snidbetning viser til måten botnborda skrår. Dei fleste norske bruksbåtane er bygde med heile bordgangar. Borda går samanhengjande i heile båtlengda. Slik er det ikkje med snidbetningen: <onlyinclude>Det nedste bordet (på storbåtane dei to nedste borda) blir avskrådd (snida) ned mot kjølen. Dette fører til at borda vidare oppover i båten må skråast ned mot stemne og stamn. Denne skråinga blir gjort ved at kvart bord attanfrå blir skjerva (skøytt) mot to bord framme (renningane).</onlyinclude> På denne måten blir den typiske snidbetningfasongen til: ein brei framende bygd av mange skrånande bord, og ein heller smal bakende.
[[image:Skjerving_pa_naust.jpg|thumb|Skjerving &mdash; eit bord blir skøytt mot to renningar. Gammal åttringside på naustvegg. {{byline|Andreas Vartdal}}]]
[[image:Skjerving_pa_naust.jpg|thumb|Skjerving &mdash; eit bord blir skøytt mot to renningar. Gammal åttringside på naustvegg. {{byline|Andreas Vartdal}}]]
Ikkje-snidbetna båtar av gamal sunnmørstype finst det òg framleis eksempel på: [[Skauebåten]] frå [[Skodje]], no på [[Ålesund museum]], er det vi etter nyare terminologi kan kalle ein beingangar. Elles er han ein rein sunnmørsbåt både i form og banding. Skrovforma er, som på [[geitbåt]]en, oppnådd ved heilhogging. Båten er [[Dendrokronologi|årringsdatert]] til [[1795]].<ref>S. 38 av {{Godal 2016}}</ref> [[Hans Strøm]]s teikning av eit sunnmørs-[[fjørefar]] utgjeven i 1760-åra viser beine bordgangar, og han nemner ikkje noko om snidbetna båtar.<ref>Strøm, Hans: ''Physisk og oeconomisk beskrivelse over Søndmørs fogderie''. 1762–69. </ref>


Det er usikkert kor lenge sunnmørsbåtane har vore snidbetna. Liknande trekk finst stundom i dei nærskyldte [[geitbåt]]ane, der nokre båtar har hatt eitt skjerva [[halsbord]]. Det er rimeleg å tenkje seg at bruken av eit aukande tal skjerva halsbord kan ha hatt samanheng med aukande problem med å finne gode halsemne i samband med uthogging av gammal skog &mdash; kanskje i [[hollendartida]], som på [[Sunnmøre]] varte frå slutten av [[1500-talet]] til noko inn [[1600-talet]].
[[image:Snedbetning,færing.jpg|thumb|left|Færing, snidbetning, sunnmørsbåt. {{byline|Andreas Vartdal}}]]
Den eldste hittil daterte snidbetningen er ein [[veggbåt]] som no finst på [[Ishavsmuseet]] [[Brandal]]. Ei årringsdatering gjev årstalet 1713, og andre deler av same bordet har 14 ekstra årringar. Dette tyder eit byggjeår kring 1727.<ref>S. 65 av {{Godal 2016}}</ref>


{{Nynorsk Wikipedia|Snedbetning}}
== Referansar ==
{{Q1}}
<references />


[[kategori:båttyper]]
== Kjelder ==
[[kategori:Sunnmøre]]
* Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle snidbetningen», i ''Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal''. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083
 
[[Kategori:Sunnmørsbåter]]
[[Kategori:Klinkbygging]]
{{f1}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 8. mar. 2024 kl. 10:06

“... Bordene fra Forstevnen løbe skraas opad mod Midten, hvor de alle støde sammen ...” (Frå «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» av Carl Frederik Diriks)

Ein snidbetning er ein sunnmørsbåt som (i motsetnad til beingangarar) har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret — og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Ein hypotese er at det er ei tilpassing til dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under hollendartida, som for Sunnmøre sin del varte frå 1500-talet og litt innpå 1600-talet. Ein annan hypotese, som ikkje nødvendigvis står i motsetnad til den første, er at snidbetningane kom til med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere.

Skjerving — eit bord blir skøytt mot to renningar. Gammal åttringside på naustvegg.
Foto: Andreas Vartdal

Ikkje-snidbetna båtar av gamal sunnmørstype finst det òg framleis eksempel på: Skauebåten frå Skodje, no på Ålesund museum, er det vi etter nyare terminologi kan kalle ein beingangar. Elles er han ein rein sunnmørsbåt både i form og banding. Skrovforma er, som på geitbåten, oppnådd ved heilhogging. Båten er årringsdatert til 1795.[1] Hans Strøms teikning av eit sunnmørs-fjørefar utgjeven i 1760-åra viser beine bordgangar, og han nemner ikkje noko om snidbetna båtar.[2]

Færing, snidbetning, sunnmørsbåt.
Foto: Andreas Vartdal

Den eldste hittil daterte snidbetningen er ein veggbåt som no finst på IshavsmuseetBrandal. Ei årringsdatering gjev årstalet 1713, og andre deler av same bordet har 14 ekstra årringar. Dette tyder på eit byggjeår kring 1727.[3]

Referansar

  1. S. 38 av Godal, Jon Bojer: Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083
  2. Strøm, Hans: Physisk og oeconomisk beskrivelse over Søndmørs fogderie. 1762–69.
  3. S. 65 av Godal, Jon Bojer: Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083

Kjelder

  • Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle snidbetningen», i Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083