Sollia (veg i Bø i Telemark): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring |
m (Rool flyttet siden Sollia (Bø i Telemark) til Sollia (veg i Bø i Telemark)) |
(Ingen forskjell)
|
Sideversjonen fra 7. jun. 2021 kl. 11:41
Sollia er eit område og ein hytteveg på Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune. Vegen går i ei boge til og frå Lifjellvegen på vestsida av denne.
Vegen har namn etter lokaliteten og blei namnsett i 2013, han er 395 m lang og stengd med bom i øvre enden. Nedre del er stengd og avvikla som bilveg.
Vegen blei anlagt i 1960-åra som avlastningsveg for hovudvegen. Han blei i byrjinga kalla «Rundkjøyringa». Hytteeigarane fann på namnet «Sollia» på området, og det er det som ligg til grunn for vegnamnet.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Aslaug Farnes: Notat til sak om nye vegnamn på Lifjell. Teknisk eining, Bø kommune, Arkivnr. K2-L32, 19. juni 2013.